Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Leseaksjonen 2020

131902027_699392977429628_1721731935791237101_n.jpg

Seinhausten er tid for leseaksjon på Årstad VGS, og trass nye utfordringar med å gjennomføre aksjonen grunna skiftande nivå av lokale smitteverntiltak, kan vi sjå tilbake på ein vellukka leseaksjon med engasjerte elevar, rikhaldig program og mykje god omtale.

Det er mykje som skjer på skulen i løpet av desse vekene, og først ut på programmet var bibliotekopplæring for VG1, med ein presentasjon av både utvalet og dei tilbode ein har til hjelp og opplæring gjennom det aktive skulebiblioteket vårt.

Bibliotekopplæring

I fjor var det VG1 som fekk gleda av å vere målgruppa for leseaksjonen. Etter eit vellukka prosjekt, og gode tilbakemeldingar frå elevar og lærarar, vart leseaksjonen utvida til å vere eit tilbod til alle elevar og klassar ved skulen i år.

Leseaksjonen ved Årstad VGS gjekk i år over veke 47 til 50. I løpet av aksjonen får klassane som deltek 20 minutt lesetid kvar dag, som er fordelt ut over timeplanen av lærarteamet som har klassa. Vekene skal vere ei tid der vi jobbar med lesemotivasjon og leselyst, samt gje mengdetrening i lesing, tid til konsentrasjon og gode lesaropplevingar. 

131486783_1107568393023930_4348807386237299341_n.jpg

 

Første forfattar på programmet var i år Bruno Jovanovic, som opna leseaksjonen for VG3 med ein forfattarsamtale. Den rykande ferske romandebutanten leverte eit interessant dykk i livet med skriving som hovudinteresse, møtet med ei forlag, gangen mot publisering og romanen «Etter hvert vil øynene venne seg til mørket». 

 

131684217_919439405258447_8151894842992426169_n.jpg
Bruno2.jpg

Grunna overgang til strengare smittevernstiltak i Bergensområdet måtte ein tenkje nytt for å gjennomføre programmet. Leseaksjonen vart digital, og dette opna for at ein kunne nå mange fleire med dei oppsette arrangementa, og det er ikkje berre elevar ved Årstad VGS som har hatt glede av dei. To nye forfattarmøte, samt eit føredrag om den mest populære ungdomslitteraturen, gjekk live via Skulen si Facebook-side, og var opne for alle interesserte. Mange klassar følgde med i klasserom på skulen synkront med forfattarmøta, og elevar som hadde heimeundervisning, eller var i karantene, kunne følgje med heimanfrå. Klassane og elevane som hadde vanskar med å følgje hendingane live, fekk også tilgang til klippa i ettertid, og kunne gjennomføre når det passa best i elevane sin timeplan.

 

131692727_298090011639574_1815405623717186705_n.png

 (Eivind Riise Hauge i engasjert samtale med lektor Lars Andreas Bysheim Myklebust)

 

Eivind Riise Hauge var den første på det digitale programmet. Riise Hauge var særleg tenkt som god lesemotivator for gutar, gjennom temaa han tek opp i forfattarskapen, som til dømes sjakk og soldatar. For eit vidare blikk på litteratur som ungdom les hadde vi besøk av Cathrine Dagestad Eikeland og Silje Monsen Solsvik frå Bergen offentlege bibliotek, som snakka om kva bøker ungdom låner. Ut frå elevomtalane gjekk fleire frå å ha få tankar om bøker til leseaksjonen, til å ha vanskar med å velje mellom bokskattane.

 

131491569_443338703719849_6079414977353255033_n.jpg

(Silje Monsen Solsvik formidlar engasjert for eit stort publikum, sjølv om omgjevnadane ser einsame ut.)

Det var stor stas med besøk og nye impulsar utanfrå, men både lærarar og elevar som følgde det som skjedde under leseaksjonen, verka samde om at kortreist litteratur er minst like god som langreist. Thor Soltvedt var siste forfattar ut, og er eit kjent ansikt for mange ved skulen. Han står bak rundt 20 utgjevingar, som har blitt til medan han har verka som lærar ved skulen. Elevane fekk høyre historia om korleis elevane motiverte han til å skrive sin første roman – ei bok skrive rundt historier frå elevar, for elevar. Den tilmålte timen vart mykje for kort for «samtaleplanen» til ordstyraren, når Soltvedt sette i gang å fortelje levande om livet som lærar og forfattar med stor produksjon. Leseaksjonen skulle eigentleg òg huse ein lanseringsfest for Soltvedt si siste bok, men grunna utsett lanseringsdato må vi nøye oss med å sjå fram til når romanen kjem i mars. Likevel mangla det ikkje på spanande historier om tema som fotball og livet som elev, når vi sette Soltvedt på programmet. Vi skal heller ikkje legge skjul på at bøkene har vore flittig observert i elevhender rundt om på skulen, i perioden leseaksjonen har pågått. 

 

131662621_146656040270235_4565609300330667022_n.jpg
131642686_3430917030338812_2980986582100056097_n.jpg

Ved opninga og avsluttinga av leseaksjonen bidreg elevane med viktige innspel gjennom spørjeundersøkingar. Det kjem alltid inn både ris og ros, og anna skal ein heller ikkje vente av ein stor og mangfaldig elevmasse. Populariteten til leseaksjonen kan likevel både sporast i positive og negative tilbakemeldingar, for ei av dei hyppigaste er frå elevar som rapporterer om dagar ein ikkje hadde tid til å ha lesetid grunna andre aktivitetar. Blant dei positive er det elevar som nemner fordelar med å starte dagen med ei roleg leseøkt, motivasjon til å lese meir, avkopling og ro i skuletida, at lesing på skulen vart noko gøy, og at møta med forfattarar skaper interesse for bøker.

 

#LESEAKSJONEN2020

 

131930453_203791924686570_4810615502119340271_n.jpg

Ikkje alle blei lesehestar i år heller, men nokre lesehestar har vist seg fram gjennom leseaksjonen sin fotokonkurranse. Litt ekstra liv var det også rundt om på skulen, og trass i avstand og deling i mindre grupper var det god stemning rundt leseaksjonen i år.

 

 

Skrive av:

 Lars Andreas Bysheim Myklebust

 Lektor og ansvarleg for leseaksjonen

Årstad Vidaregåande Skule