Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helsefremmande miljø på sosiale medium – spørjeundersøking ved elevar i vidaregåande skular i Bergen kommune.

undersøkingÅrstad.jpg

I september 2020 vert det gjennomført ein stor spørjeundersøking på alle vg2 og vg 3 elevane i Bergen om korleis livet på sosiale medium er.

 

I september 2020 vert det gjennomført ein stor spørjeundersøking på alle vg2 og vg 3 elevane i Bergen om korleis livet på sosiale medium er.

Gjennom 2019 har Bergen kommune, Folkehelseinstituttet, Høgskulen på Vestlandet og Hordaland Fylkeskommune (frå 01.01.20 Vestland fylkeskommune) arbeidd med kunnskapsoversikt og fokusgruppeintervju med elevar og tilsette i vidaregåande skule. Dette har danna grunnlaget for ei spørjeundersøking om ungdommane sine liv på sosiale medium. Det er første gang slik kartlegging vert gjort i Noreg og det er viktig for prosjektet, for ungdom, for tilsette i skulane og for foreldre at mange elevar svarar på undersøkinga slik at vi betre kan forstå korleis livet på sosiale medium heng saman med ungdom si psykiske helse.

Spørjeundersøkinga vil bli gjennomført digitalt i tidsrommet veke 38-40. Avdeling opplæring og kompetanse, Vestland fylkeskommune, har godkjent at alle klassar ved vg2 og vg3 skal kunne bruke ein skuletime til å svare på undersøkinga, og det er skulen som legg plan for gjennomføring ved eigen skule. Elevane vil kople seg inn på spørjeundersøkinga via eigen ID port, skulen vil gje elevane lenke der dei kopler seg inn. Det er fint om elevane vert førebudd på korleis dei skal svare på undersøkinga slik at dei er fortruleg med innloggingsmekanismen og veit korleis dei skal gjere dette.

Skulen må legge til rette for at elevane kan svare på en slik måte at andre elevar ikkje får innsyn i andre sine svar.

Det er frivillig å delta i undersøkinga, og i starten av spørjeskjemaet vil elevane få spørsmål om dei ønskjer (samtykker) å delta i studien eller ikkje. Dei som deltek har sjansen til å vinne eit (av 10) gåvekort på 500 kroner.

Ved å delta i denne studien bidreg elevane til meir kunnskap om samanhengen mellom sosiale medium og ungdom si psykiske helse og trivsel. Det er ingen fare eller ulempe ved å delta i denne undersøkinga, men nokre av spørsmåla handlar om følsame tema (til dømes mobbing, trakassering, sjølvskading, sjølvmordstankar). Dersom det vert vanskeleg for nokre av elevane etter at dei har levert undersøkinga, vil kontaktlærar eller helsesjukepleiar vere tilgjengeleg for samtale i etterkant.

Helsefremmande miljø på sosiale medium er eit utviklingsprosjekt med mål om å utvikle nye tiltak for helsefremmande miljø på sosiale medium blant ungdom i vidaregåande skule.

Prosjektet er eit innovativt prosjekt om ungdom og sosiale medium og er ein delav nasjonalt program for folkehelsearbeid i kommunane.Bergen kommune, ved byrådsavdelinga for helse og omsorg, er prosjekteigar og samarbeider tett med byrådsavdeling for barnehage, skole og idretti Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Folkehelseinstituttet og Høgskulen på Vestlandet. Det er Folkehelseinstituttet som er forskingsansvarleg for gjennomføring av spørjeundersøkinga og analyse av svar frå undersøkinga.

Prosjektet er finansiert gjennom tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet gjennom Hordaland Fylkeskommune og Regionalt forskingsfond Vestlandet. Ingen kommersielle personar eller bedrifter har rettigheiter knytt til studien.

To vidaregåande skular i Bergen er prosjektskular og sentrale i det kvalitative forskingsarbeidet av prosjektet. Elevar og tilsette bidrog gjennom fokusgruppeintervju hausten 2019. Dette har gitt grunnlag for spørjeundersøkinga som no vert gjennomført på vg1 ved alle vidaregåande skular i Bergen kommune våren 2020.

Resultat frå dette arbeidet vil danne grunnlaget for tiltaksutvikling.

Vi ønskjer også mogelegheita til å følgje deltakarane over tid og elevane vil difor bli bedne om å samtykke til at vi kan be dei om å fylle ut same spørjeskjemaet igjen om cirka 1 år. Informasjon frå dei to spørjeskjemaa vil bli slått saman. Ved å samle inn informasjon med 1 års mellomrom vil undersøkinga også kunne sjå etter endring over tid knytt til psykisk helse og sosiale medium.

Kva skjer med svara?

Informasjon frå undersøkinga skal lagrast sikkert hos Folkehelseinstituttet. Informasjon som vert gitt vil bli avidentifisert før vi startar arbeidet med å analysere vidare i forskingsprosjektet. Dei som skal arbeide med denne informasjonen vil difor ikkje ha mogelegheit til å spore tilbake direkte til den som svarte. Direkte identifiserbare opplysningar vil bli lagra på sikker sone ved Folkehelseinstituttet. Prosjektet vil bli avslutta våren 2029. Data vil oppbevarast av-identifisert i fem år etter prosjektslutt av dokumentasjons- og kontrollomsyn. Etter fem år vil alle data bli sletta. Ingen informasjon som blir publisert frå prosjektet vil være mogleg å spore til enkeltpersonar.

Program for folkehelsearbeid i kommunane

Program for folkehelse (folkehelseprogrammet) er ei 10-årig satsing som skal bidra til å utvikle kommunane sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid der barn og unge skal vere prioritert målgruppe. Programmet skal bidra til å møte kommunane sine utfordringar gjennom utvikling av verktøy og tiltak som er lokalt forankra. Tiltak skal evaluerast, og programmet har ei viktig rolle i arbeidet med å inkludere psykisk helse som ein likeverdig del av folkehelsearbeidet.

På sikt skal programmet difor bidra til at færre kommunar rapporterer om psykisk helse som deira største folkehelseutfordring.

 «Sosiale medier er i større eller mindre grad veldig viktig for unge. Det blir en slags «andre verden» vi lever i; hvor vi blir kjent med nye, holder kontakten, blir inspirert, skal prestere og «overleve» i. Derfor er det viktig at vi vet mer om det! Og det er viktig at også ungdom, på en god måte, får innsikt i dette”.

På heimesida til Bergen kommune finn du meir informasjon om prosjektet: www.bergenkommune.no/folkehelse