Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Toppidrett

Garnes vgs tilbyr valfritt programfag i Toppidrett for Vg1-elevar  i samarbeid med Bjørnar håndball og Arna-Bjørnar fotball. Eit eineståande tilbod til deg som ønskjer å kombinere idrett og skule!

Toppidrett er eit fag for dei som ønskjer å trene fotball eller handball med tett oppfølgjing av topp kvalifiserte trenarar, og samstundes få full fagleg fordjuping (spesiell studiekompetanse). Alt innanfor ein skuledag som aldri varer lenger enn til kl. 15.00!

Vi tilbyr:

  • Eit godt fagleg opplegg, med høgt kvalifiserte trenarar og lærarar.
  • Opptil 6 timar fotball- eller handballtrening i skuletida kvar veke.
  • Høve til å ta full studiespesialiserande fordjuping (t.d. realfag).

Toppidrett fotball

Trenarteam

Ansvarleg for handballgruppa er Jørn Arntzen, som er hovudtrenar for herrelaget til Bjørnar, og assistenttrenar for Tertnes sitt eliteserielag for kvinner. Frå og med hausten 2015 vil Bjarne Hagen, som er trenar for eliteserielaget til Arna-Bjørnar, ha ei sentral rolle i oppfølgjinga av fotballgruppa.

Timeplan

Slik ser timeplanen ut for elevar på Vg1 som vel programfag i Toppidrett:

Timeplan Toppidrett Vg1