Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Medium og kommunikasjon

Er du interessert i fortellarteknikk, mediepåverknad og utforming av bodskap? Ønskjer du i tillegg studiekompetanse? Då er Medium og kommunikasjon faget for deg. Studietilbodet er treårig og du kan gå vidare på universitet/høgskule etter fullført og bestått utdanning.

Vi tilbyr

Medium og kommunikasjon tilbyr praktisk og teoretisk kompetanse innanfor kommunikasjon, design og medieproduksjon. Dette gjev eit godt fagleg grunnlag både for yrkesliv og høgare utdanning.

Som elev ved medium og kommunikasjon er du innom eit vidt spekter av medieuttrykk, til dømes foto, film, fjernsynsproduksjon, lyd, grafisk design, illustrasjon, speldesign, animasjon og journalistikk.

Meir om faget Timeplan

Satsingsområde

Vi har mykje godt produksjonsutstyr, relevant og oppdatert programvare, og studio for foto, lyd- og fjernsynsproduksjon. Skulen har dessutan høve til å printe ut høgkvalitetstrykk i stort format.

Garnes vgs var den fyrste skulen i landet som satsa på speldesign i opplæringsløpet, og Vg2-elevane får kvart år opprette sine eige spelbyrå som jobbar med utvikling og produksjon av dataspel.

Ring 55 25 43 32 Mail oss

Første året

MK6.jpg

Vg1

På Vg1 får du innføring i ulike produksjonsteknikkar og medieverktøy. Du vil mellom anna jobbe med foto, film, grafisk design, lyd- og fjernsynsproduksjon. I tillegg får du programvareopplæring i Photoshop, InDesign, Illustrator, Premiere Pro og After Effects.

Læreplanen for Vg1 finn du her.

Andre året

MK1.jpg

Vg2

På Vg2 byggjer du vidare på kompetansen du har tileigna deg på Vg1.

På Vg2 får du dessutan høve til å fordjupe deg i speldesign. Kvart år dannar elevane eit spelbyrå som utviklar, ferdigstiller og lanserer sitt eige dataspel.

Læreplanen for Vg2 finn du her.

Tredje året

Forside mk.jpg

Vg3

Vg3 byggjer vidare på kompetansen din frå Vg1 og Vg2.
Fullført Vg3 gjev generell studiekompetanse.

Læreplanen til Vg3 finn du her.

Vegen vidare

Etter fullført Vg3 får du studiekompetanse. Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her finn du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.  Har du ikkje bestemt deg for kva utdanningsløp du vil ta, kan du få gode tips på utdanning.no.

Samordna opptak Utdanning.no

Ta kontakt

Avdelingsleiar medium og kommunikasjon
Profilbilde av Petter Grahl Johnstad

Petter Grahl Johnstad

Send e-post 57308013
Rådgjevar, studiespesialiserande fag
Profilbilde av Steinar Anfinsen

Steinar Anfinsen

Send e-post