Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Me tilbyr

Vg1 er felles for alle som tar helsefag. På Vg2 kan du velje mellom ei rekkje programområde. På Arna vgs tilbyr me:

  • Vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Vg2 Helsefagarbeidar
  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag

Kvifor  helse- og oppvekstfag?

Det er mykje du kan bli om du vel helsefag! Du kan t.d. jobbe i skolefritidsordning , barnehage eller helseinstitusjonar.

Lurer du på kva du skal bli eller kva fag du kan velje på Vg2?  Få ei god oversikt på vilbli.no.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Matematikk 3 0
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Kroppsøving 2 2
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9
Sum timetall per uke 35 35

Første året

_DSC3559.jpg

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Mennesket, det mest sentrale du lærer om på Vg1. 

Vi har ei spesiell organisering av skuleåret. Du kan vere utplassert i opptil åtte veker i løpet av skuleåret. Då er du gjerne tre veker på skulen, og ei veke i praksis i skulefritidsordning, helseinstitusjon eller barnehage.

Skulen har skulekjøkken der du lærer å tilberede mat .

Skulen har avtaler med lokalt arbeidsliv i samanheng med praksisperiodane.

Andre året

utelek - artikkel.JPG

Vg2 Helsefagarbeidar

Denne utdanninga vil gje deg kompetanse til å jobbe på sjukeheim, sjukehus, heimesjukepleier, dagsenter for funksjonshemma, bofellesskap og andre institusjonar innanfor helsefaga.

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

Denne utdanninga vil gje deg kompetanse til å jobbe i barnehager, skulefritidsordninga, fritidsklubbar for barn og ungdom, som miljøassistent i skulen og andre stillingar som har med barn- og ungdomsarbeid å gjere.

Vegen vidare

Samarbeid med lokalt arbeidsliv

Skulen har ei spesiell organisering av skuleåret. Du kan være utplassert i opptil ti veker i løpet av skuleåret . Då er du gjerne tre veker på skulen, og ei veke i praksis i skolefritidsordning , helseinstitusjon eller barnehage.

Ut i lære

Etter 2-3 år i skule kan du søkje læreplass i godkjente lærebedrifter.

I lenkja under finn du meir info om korleis du søkjer læreplass og kva som er godkjente bedrifter du kan bli lærling hos.

Bli lærling

Treng du meir info?

Avdelingsleiar
Profilbilde av Einar Tøsdal

Einar Tøsdal

Send e-post