Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta i vidaregåande skule er eit gratis tilbod du kan oppsøke etter behov. På Garnes vgs har vi helsesøster og skulepsykolog.

Helsesøster

Dette kan du snakke med helsesøster om

Det er ofte mange ting som det er OK å få snakka med nokon om. 
Det gjeld til dømes om du trur noko feilar deg; angst, depresjon, rusmidlar, eteforstyrringar, graviditet, prevensjon, kjønnssjukdommar eller andre plager. Ein ting er sikkert:  Du er ikkje aleine om å ha det slik! 
 
All erfaring viser at viss du tek kontakt og snakkar med nokon på eit tidleg tidspunkt, kan det spare deg for mykje uro. 
Skulehelsetenesta driv ikkje behandling, men gir råd og rettleiing i helsefaglege spørsmål.

Ta kontakt med helsesøster Helen Nesbø

All erfaring viser at viss du tek kontakt og snakkar med nokon på eit tidleg tidspunkt, kan det spare deg for mykje uro. 
 
Helsesøster heiter Helen Nesbø. Ho har kontortid for elevane måndag og onsdag frå kl. 08.00 - 14.00 (nokre dagar til kl. 11.00). Ho kan og treffast på Arna helsestasjon.

Skulelege

Skulelegane, Bente Smørdal eller Dag Nystøyl, er å treffe på Garnesstølen annankvar onsdagar mellom 08.00 -12.00. 

Ring helsesøster for timebestilling.

Psykolog

Skulepsykologen, Nina Ødegård, er også treffe annankvar onsdag, dei vekene legen ikkje er til stades. Trefftid er mellom 08.00 -12.00. .

Ring helsesøster for timebestilling.