Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Stipend i Lånekassen

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan søkje om stipend frå Lånekassen.

Du må sjølv søkje om stipend, og du kan søkje først etter at du har fått skoleplass. Når du søkjer, vurderer Lånekassen kva stipend du har rett til.

Slik søkjer du:

Det enklaste er å klikke seg direkte frå vigo.no til Lånekassen sin søknad, samtidig som du takkar ja til skoleplassen på Vigo. Du finn også søknaden på Lånekassen sine sider. Her kan du følgje med på korleis det går med søknaden din.

Du må melde frå til Lånekassen med ein gong dersom du

  • sluttar eller tek ein pause i utdanninga di
  • byter skule eller studieretning
  • flyttar heim til foreldra dine

Skulen melder frå til Lånekassen dersom du

  • har stort fråvær
  • sluttar i eit fag
  • får fritak frå eit fag

Dersom du har for stort fråvær, sluttar i fag eller får fritak for fag, kan det påverke kor mykje stipend du får.

Skal du på utveksling i utlandet?

Då må du sende inn stadfesting både frå skolen din i Noreg og frå utvekslingsorganisasjonen. Du finn meir informasjon om utveksling i utlandet her.