Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lån og stipend

Er du elev og har ungdomsrett, kan du få utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet same kor mykje foreldra dine tener.

Hugs at du må søkje om stipend for å få det utbetalt. Når du søkjer, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend også, som for eksempel grunnstipend eller bustipend.

Når kan eg søkje ?

Du må takke ja til skuleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skuleplass.

Når du har fått opptak, søkjer du om stipend på lånekassen eller vigo. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Lærlingar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til lån og andre stipend.

Korleis får eg pengane?

Du loggar inn og sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på lanekassen.no. Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga til mobilen din eller i brev heim. Ingen får utbetalt pengar før skulen har meldt frå til lånekassen at har møtt ved skulen.