Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse og miljø

Her finn du info om helsesyster, skulelege og psykolog. Treng du å snakke med ein rådgjevar,  finn du også tilvisingar til dei her.

Skulehelsetenesta

Snakk med  helsesyster

Du kan snakke med helsesyster om tema du er opptatt av. Dette er vanlege samtaleemne: foreldre, skilsmisse, sjukdom i familien, mobbing, pubertet, kjærast, venskap, angst, depresjonar, eteforstyrringar og seksuell identitet.

Prevensjon og seksuelt overførbare sjukdomar er også aktuelle tema. Helsesyster skriv ut resept på p-piller og p-stav. Ho kan også ta graviditetstest.

Kontortid

Helsesyster på Arna vgs heiter Helen Haugland Nesbø og har kontortid måndag, onsdag, torsdag (i partalsveker) og fredag frå kl. 08.30 - 14.30.

Tilbodet er gratis. Helsesyster har teieplikt og avtalte timar skal ikkje førast som fråvær. Time kan avtalast via mail eller telefon.

Telefonnummeret til helsesyster er 478 50 384.

Rådgjevar

Tone Vaksdal kan hjelpe deg med yrkesorientering og personleg vegleiing i samband med fagopplæring/skulegang/studiar og yrkesval.

Steinar Anfinsen er rådgjevar for studiespesialiserande programområde, og kan vegleie deg i spørsmål om yrkesliv og høgare utdanning.

Rådgjevarane jobbar tett med elevane sine faglærarar, kontaktlærar og avdelingsleiar. Ved behov kan dei også samarbeide med føresette til elevar som er under 18 år. 

Har du utfordringar i kvardagen eller treng sosialpedagogisk hjelp kan du snakke med rådgjevar.

Skulen sin rådgjevar har tett kontakt med OT/PPT og andre offentlege instansar og kan formidle vidare kontakt med dei. 

Rådgjevarane har teieplikt,  og kan berre gi opplysningar vidare etter avtale med eleven. Dei har likevel opplysingsplikt om dei får informasjon om alvorlege hendingar som kan vere til skade for eleven. 

Rådgjevar
Profilbilde av Tone Vaksdal

Tone Vaksdal

Send e-post
Rådgjevar
Profilbilde av Steinar Anfinsen

Steinar Anfinsen

Send e-post 57308015

Psykologtjenesten

Psykolog heiter Nina Ødegård.

Ho har teieplikt og tenesta er gratis. Avtalte timar skal ikke førast som fråvær. 

Nina har kontortid i partalsveker, mandager kl. 08.30 - 14.30.

For avtaler kontakt helsesyster eller kontoret.

Skulelegen

Skulelegen heiter Toofan Barhag.

Han har taushetsplikt og tenesta er gratis. Avtalte timar skal ikkje førast som fråvær. 

Toofan har kontortid i partalsveker, måndagar kl. 12.00 - 14.30

For avtaler kontakt helsesyster eller kontoret.