Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lånereglar

Du treng lånekort for å låne bøker og anna materiale i biblioteket. Nasjonalt lånekort får du i biblioteket ved å vise fram legitimasjon. Alt materiale som blir teke ut av biblioteket må registrera

 Lånefristar

4 veker for bøker, lydbøker og teikneseriar

3 veker for e-bøker

 Aviser, tidsskrifter og ein del oppslagsverk er kun til bruk i biblioteket.

Fornye lån

Dersom ingen står på venteliste, kan du fornya låna dine. 

Det kan du gjere på tre måtar:

  • Du kan fornye lån sjølv i Mappa mi. 
Mappa mi
  • Du kan sende SMS: Send BIB FORNY og ditt nasjonale lånekortnummer, som du finn på baksida av lånekortet ditt, til 2242. Tenesta kostar 2 kr pr. melding. 
  • Du kan be om hjelp frå bibliotekaren. Utlånslærebøker kan i utgangspunktet ikkje fornyast.

Reservering

Utlånt materiale kan reserverast. Du får beskjed når utlånt materiale blir tilgjengelig for deg.

Erstatning

Eleven er ansvarleg for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 2. purring utan reaksjon frå eleven, blir det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar.