Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Arna vgs opprettar unikt tilbod

Fotball2_artikkel.jpg

Arna vgs tilbyr toppidrett for yrkesfagelevar frå hausten 2019.

Toppidrett har i fleire år vore eit populært tilbod ved Arna vidaregåande skule. Faget har i utgangspunktet berre vore tilgjengeleg for elevar som følgjer studiespesialiserande program. Frå neste skuleår blir tilbodet også tilgjengeleg for yrkesfagselevar.

- Vi er veldig glade for at vi endeleg kan tilby eit opplegg som gjer det mogleg å kombinere toppidrett med yrkesfag, seier rektor Marianne Rolland Løvskar.

Eineståande tilbod

Arna vgs er den fyrste skulen i fylket som har fått klarsignal til å opprette toppidrett for yrkesfagselevar. Løvskar reknar med at tilbodet vil bli populært.

- Toppidrett med yrkesfag passar for elevar som likar å trene mykje, og som samtidig ønskjer å utdanne seg innan helse- eller byggfag. Ein kan fordjupe seg i alle idrettar, til dømes fotball, handball og friidrett. Vi har også eit eige tilbod innan e-sport. I tillegg er det mogleg å velje individuelle idrettsgreiner, seier Løvskar.

Påmelding

Løvskar understrekar at yrkesfag med toppidrett fører til same kompetanse som for elevar som følgjer det ordinære løpet på helse- eller byggfag. Dersom ein ønskjer å søkje på tilbodet, gjer ein det på vanleg måte på vigo.no innan 1. mars. I tillegg må ein fylle ut eit eige skjema. Dette skjemaet finnast her.