Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sterk Arna-innsats i Kjemiolympiaden

Daniel Aasen Bruland_crop.jpg
Daniel Aasen Bruland blei beste elev frå Hordaland, og tok delt fyrsteplass på nasjonalt nivå i fyrste runde av Kjemiolympiaden.

To elevar frå Arna vgs har gått vidare i Kjemiolympiaden!

Dei to dyktige ST-elevane våre Daniel Aasen Bruland og Alaa Al Sharah gjorde ein glimrande innsats i fyrste runde av Kjemiolympiaden. Begge klarte å kvalifisere seg til neste runde, som går av stabelen i februar. Daniel vart beste deltakar frå Hordaland fylke, og fekk dessutan delt fyrsteplass på nasjonalt nivå.

Kjemiolympiaden er ei internasjonal kunnskapstevling for kjemielevar i den vidaregåande skulen. Tevlinga har vore arrangert sidan 1968, og Noreg har vore med sidan 1982. Det er no meir enn 70 nasjonar som deltek. Den endelege vinnaren blir kåra i den internasjonale finalen i Istanbul i juli.

Vi ønskjer Daniel og Alaa lukke til vidare!