Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Arna vgs får nytt solcelleanlegg

Solcellepanel1.jpg

I dag startar arbeidet med å montere solcelleanlegg på taket til skulen.

Det nye anlegget er sett saman av 560 fastmonterte panel, og vil bli det nest største av sitt slag i Bergen. Panela kjem til å produsere 108 700 kWh i året, tilsvarande straumforbruket til sju rekkehus. Dette utgjer 1/5 av skulen sitt eige straumbehov. Anlegget vil produsere straum sjølv når sola ikkje skin. Ved overskya vêr er produksjonen oppe i heile 50 prosent av full effekt.

Lønsam investering

Anlegget har ei forventa levetid på 30 år. Fylkeskommunen har brukt to millionar kroner på prosjektet. Det er forventa at ein har spart inn investeringane i løpet av 18 år. Monteringsarbeidet skal vere ferdig i løpet av ein månads tid.

Solcelle2.jpg
Solcelle3.jpg