Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Nye fråværsreglar

Corona (1).jpg

Kunnskapsdepartementet innfører mellombels unntak frå dokumentasjonskravet ved fråvær av helsemessige grunnar.

Ut skuleåret vil elevar som har fråvær av helsegrunnar sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. Bakgrunnen for dette er at helsepersonell må prioritere anna arbeid, mellom anna med koronaviruset. Helsedirektoratet har bede om at elevar ikkje oppsøkjer fastlegen for å få dokumentasjon på fråvær av helsemessige grunnar.
Kunnskapsdepartementet har beslutta at unntaket frå dokumentasjonskravet for fråvær skal gjelde ut skuleåret 2019/2020. Frå skulestart hausten 2020 vil dei vanlege krava til dokumentasjon igjen vere gjeldande.
Foreldre til elevar under 18 år og elevar som er myndige, kan sjølv skrive eigamelding. Unntaket frå fråværsreglane gjeld frå 4. mars 2020. Endringa gjeld både for fraværsgrensa i vidaregående, og for føring av fråvær på vitnemål og kompetansebevis i grunnskulen og vidaregående.