Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Luftig bedriftsbesøk

Førarhus_int_16_9.jpg

Thomas (16) fekk vere kranførar for ein dag.

Elevane på vg1 Bygg- og anleggsteknikk fekk eit spennande møte med byggjebransjen då dei besøkte Skanska sitt bustadprosjekt bak Horisont i Åsane. Arbeidet skal munne ut i tre seks etasjar bueiningar, med parkeringsanlegg under. Heile prosjektet vil omfatte 170 leilegheiter når det er ferdig.

- Føremålet med ekskursjonen var å besøke ein byggjeplass. Fokuset var på tømrar- og betongfaget, seier kontaktlærar Rolf Torkil Gjelvik.

Heftig oppleving

Under besøket blei det arrangert konkurransar i spikring, saging og jernbinding. Vinnarane, Thomas Nordvik og Kristoffer Birkeland Sivertsen, blei premierte med ein tur opp i ei 50 meter høg tårnkran. Dei fekk også prøve å manøvrere krana.

- Det var ei heftig oppleving, fortalde gutane etter at dei var trygt nede på landjorda igjen.

- Krana svaia, sjølv om det var tilnærma vindstille. Det var definitivt langt ned!

Her er nokre bilete frå besøket:

2Palle.jpg
2Vestlandshall.jpg
2Stillas.jpg
Heisekran_16_9.jpg
View_16_9.jpg
2Stige.jpg
Førarhus_ext_manipulert.jpg