Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjon om gjennomføring av undervisningsevaluering 2020 /21

Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet på evalueringar avheng av kor mange av eleven sine lærarar som skal evaluerast. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre grupper. Det er skoleadministrator frå kvar skole som har bestemt kva grupper som evaluere. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper, og elevane vil svare for sine grupper samla gjennom éi innlogging og éi samleside med elektroniske skjema.

Kvar skole har ansvar for at alle elevar får høve til å gjennomføre evalueringa i skoletida. Kvar kontaktlærar skal setje av tid til å gjennomføre evalueringa i klasserommet i skoletida, til dømes i «klassens time» eller liknande. Alle elevar må ha tilgang til PC og internett. Det bør setjast av god tid til gjennomføring per klasse, minimum 45 minutt. Læraren skal gje ei munnleg innleiing om kvifor det gjennomførast ei undervisningsevaluering, og gje ein instruks om korleis elevane loggar inn og svarar på undersøkinga. Læraren skal også gå gjennom alle spørsmåla i spørjeskjemaet før elevane begynner. Elevane skal svare på spørsmåla uforstyrra og ha tilstrekkeleg med tid, og det bør vere ein lærar til stades for å svare på spørsmål undervegsElevane får tilgang til sine elektroniske skjema via Feide-pålogging. Dei loggar inn via results.dk/ueval. Her vel dei tilhøyrsle «Vestland fylkeskommune» og fyller inn Feide-brukarnamn (utan @vlfk.no) og passord. På førstesida vil dei sjå ein meny til venstre med sine grupper/skjema, og ein introduksjon til undersøkinga. Når dei er ferdige, kan dei lukke vindauget. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid med Rambøll og Vestland fylkeskommune. Det inneheld fem tema: Motivasjon og meistring, Vurdering, Støtte frå lærar, Læringsmiljøet i klassen og IKT. Evalueringa må gjennomførast innan 13. januar 2021