Toppidrett svømming
Amalie Skram er samlokalisert med Bergen kommune sitt nye nasjonale svømmeanlegg - AdO arena. Plasseringa gjer det naturleg å tilby undervisning i toppidrett svømming.
Toppidrett er eit 5 timars (4 klokketimar) programfag som er "lånt" frå programområdet Idrettsfag. Faget kan du som er elev på Studiespesialiserende velje.
Føresetnaden for å kunne søke faget, er at du driv aktivt og konkurrerer i svømming. Treninga blir lagt opp i samarbeid med dei lokale svømmeklubbane. Opptak til skulen skjer på ordinære vilkår med basis i karakterar.
Sjå læreplan for toppidrett.
Merk at vurderingskriteriane i faget legg stor vekt på idrettslege resultat.
Kroppsøving
Kroppsøvinga for elevar med toppidrett svømming blir gjennomført i eiga gruppe og har fokus på basistrening i høve til idretten.