Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Realfagsklasse

 Amalie Skram tilbyr eigne realfag-klassar for elevar som ønskjer sterkt fokus på realfag. Klassen vil halde saman i alle tre skuleåra og får eit auka fagtilbod i Vg1.

Realfag

 

I realfagklassen får du:

  • Teknologi og forskningslære blir undervist som ekstra fag i Vg1. Eleven vil få 4 ekstra veketimar på grunn av dette.
  • Elevar som vil delta i denne klassen forpliktar seg i utgangspunktet til å velje rein realfagsfordjuping.
  • Det er eit krav om realfagsmatematikk og kjemi i Vg2 og Vg3. Eleven vel eitt valfritt programfag i tillegg desse åra.
  • Klassen vil vere saman i dei aller fleste fag, med unntak av framandspråk.
  • I faget teknologi og forskningslære på Vg1 vil elevane ta i bruk og undersøke moderne teknologi som t.d. 3D printarar, virtuell verkelegheit (VR), droneteknologi ...
  • Det blir gjennomført faglege ekskursjonar både innanlands og utanlands.

 Realfagsklassen vil få eit meir avansert løp med høgt læringstrykk. Klassen vil delta i felles prosjekt med høgskule og universitet. Forskning og vitenskaplege metodar vil bli trekt inn i alle fag, og ekskursjonar og føredrag frå ressurspersonar utanfrå vil bli vanlegare i denne klassen enn elles.

Tre år i realfagsklassen gir deg ein fagsamansetning som tilfredsstiller opptakskrava til alle studie i Norge, og vil gi ein solid bakgrunn for vidare studie innan realfag.

 Merk:

Det er sjølvsagt mogleg å velje realfag utan å delta i realfagsklassen. Du vil i så fall komme i ein klasse der fagvala til elevane varierer meir mellom realfag, språk og samfunnsfag. Fokuset på tverrfaglegheit innan realfaga vil vere mindre.

Fagoversikt

 

Vg1

Vg2

Vg3

Totalt

Fellesfag

Timer/uke

Timer/uke

Timer/uke

Timer/uke

Norsk 4 4 6 14
Engelsk 5 0 5
Matematikk 1T 5 5
Naturfag 5 5
Kroppsøving 2 2 2 6
Fremmespråk 4 4 8
Samfunnsfag 3 3
Geografi 2 2
Religion 0 3 3
Historie 2 4 6
         
Programfag        
Teknologi og forskningslærer I 5     5
Matematikk R   5 5 10
Fysikk   5   5
Kjemi   5 5 10
Valgfritt programfag   5 5 10
Totalt omfang 35 32 30 97