Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Breddeidrett

Breddeidrett

Amalie Skram tilbyr faget Breddeidrett. Faget kan du velje som eit ekstra fag i Vg1. Dette gir 4 ekstra skuletimar pr veke.

I Vg2 og Vg3 kan du velje faget i kombinasjon med teoretiske fag.

Faget er avsluttande for kvart skuleår med tellande karakter.

Breddeidrett er eit 5 timars (4 klokketimar) programfag som er "lånt" frå programområdet Idrettsfag. Faget kan elevar som går på Studiespesialiserende velje.

På Vg1 er elevane innom ulike typar idrett i løpet av skuleåret. På Vg2/Vg3 vel elevane fordjuping i ein individuell idrett (Svømming, Turn, Badminton) og ein lag-idrett (Fotball, Basketball, Volleyball). Her er elevane også innom andre idrettar.

Faget er eitt av dei mest populære programfaga på Amalie Skram. Elevane får eit avbrekk frå lange teoritunge skuledagar.

Sjå læreplan for breddeidrett.