Det første året på studiespesialiserande jobbar vi med å få gode rutinar på skulegangen. I tillegg legg vi stor vekt på å skape eit godt klassemiljø. Det er to kontaktlærarar i kvar klasse, og elevar og lærarar reiser på tur til Strandebarm for å bli kjent i starten av skuleåret.
På Vg1 må du velje mellom matematikk 1P og 1T. Du må også velje språk. Det språket du vel på Vg1, må du også ha på Vg2.
For elevar som held fram med det same språket dei hadde på ungdomsskulen, tilbyr vi:
- Fransk II, 1. år
- Kinesisk II, 1. år
- Spansk II, 1. år
- Tysk II, 1. år
For elevar som ønskjer å byte framandspråk frå ungdomsskulen, tilbyr vi:
- Kinesisk I, 1. år
- Tysk I, 1. år
Har du ikkje hatt framandspråk på ungdomsskulen, må du ha framandspråk også på Vg3 i staden for eit av programfaga dine. Du kan velje mellom:
- Kinesisk I+II
- Tysk I+II
På slutten av skuleåret blir 20% av elevane på Vg1 trekt ut til skriftleg eller munnleg eksamen.