Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.
Påbygg er eit ettårig tilbod til elevar som har yrkesfagleg vidaregåande skule. På Amalie skram har vi ein klasse med 30 elevar på Påbygging til generell studiekompetanse.
Målet er å oppnå generell studiekompetanse for å kvalifisere seg til vidare studium på universitet og høgskolar.
Forutan norsk, historie, matematikk, naturfag og kroppsøving, så vel du eitt programfag frå enten realfag eller språk, samfunnsfag og økonomiske fag. Sjå kva for programfag du kan velje blant faga til høgre.
Elevane på påbygg skal i tillegg til dei ordinære faga ha minst eitt programfag på 140 årstimar. Dei kan då velje mellom ei rekke ulike programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering.
Skuleåret 2020-2021 kan dei velje mellom følgande fag hos oss:
I nokre av faga vil det berre vere eit avgrensa tal på plassar for påbygg-elevar.
Har du spørsmål kan du ta kontakt med:
Fag | Timetal Vg1 |
---|---|
Norsk | 0 |
Matematikk | 0 |
Naturfag | 0 |
Historie | 0 |
Kroppsøving | 0 |
Valfritt programfag frå STUSP | 0 |
Sum timetal per uke (timane er vist i 45 minutts einingar | 0 |
Etter Påbygg til generell studiekompetanse kan du gå vidare på høgskular/universitet.
Er du usikker på kva du vil bli kan du lese om ulike yrker på utdanning.no.
Samordna opptak Utdanning.no