Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Er du interessert i fortellarteknikk, mediepåverknad og utforming av bodskap? Ønskjer du i tillegg studiekompetanse? Då er Medium og kommunikasjon faget for deg. Studietilbodet er treårig og du kan gå vidare på universitet/høgskule etter fullført og bestått utdanning.
Likar du å ta bilde? Sjå og lage film? Likar du å skrive? Er du samfunnsinteressert? Då bør du velje medium og kommunikasjon. Dette er ei kreativ linje der du får jobbe mykje praktisk med medieproduksjon.
Vi lever i ei spennande medieverd som stadig er i endring. Private Facebook-innlegg kan nå avisene sine førstesider og ungdom kan tene store pengar på blogging.
Å forstå medium si rolle i samfunnet er viktig i alle typar jobbar, enten du vel juss, økonomi, leiing, markedsføring, PR, journalistikk eller politikk.
Tar du medium og kommunikasjon utdanningsprogram får du generell studiekompetanse til universitet og høgskular.
Du vil få 8 timar mediefag pr. år i dei obligatoriske programfaga Mediesamfunnet og Medieuttrykk. I Vg2 kan du velje 4 timar i eit mediefag til, eller eit anna fag i blokk 4.
Skuleåret 2019-202 kan Vg2-elevar velje mellom desse 16 faga:
Biologi 1, Fysikk 1, Informasjonsteknologi 1, Kjemi 1, Teknologi og forskningslære 1, Historie og filosofi 1, Internasjonal engelsk, Japansk 1, Kinesisk 1, Psykologi 1, Rettslære 1, Samfunnsgeografi, Politikk og menneskerettar, Bilde, Breddeidrett og Toppidrett.
I Vg3 kan du velje 8 timar mediefag (Bilde og Grafisk design) i tillegg til dei to obligatoriske programfaga, eller to andre fag du måtte ønskje frå blokk 4 og blokk 5.
Fag | Timetal Vg1 | Timetal Vg2 | Timetal Vg3 |
---|---|---|---|
Norsk | 4 | 4 | 6 |
Matematikk | 5 | 3 | 0 |
Engelsk | 5 | 0 | 0 |
Framandspråk | 4 | 4 | 0 |
Naturfag | 5 | 0 | 0 |
Samfunnsfag | 0 | 3 | 0 |
Geografi | 0 | 2 | 0 |
Historie | 0 | 2 | 4 |
Religion og etikk | 0 | 0 | 3 |
Kroppsøving | 2 | 2 | 2 |
Mediesamfunnet | 5 | 5 | 5 |
Medieuttrykk | 5 | 5 | 5 |
Valfritt programfag | 0 | 5 | 10 |
Sum timetal per veke (timane er oppgitt i 45 minutts einingar) | 35 | 35 | 35 |
Etter bestått 3 årig Medium og kommunikasjon får du studiekompetanse og kan studere vidare på universitet/høgskule.
Samordna opptak Utdanning.no