Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Satsningsområder

Amalie Skram videregående ønskjer både å videreføre dei gode tradisjonane frå dei tre skulane som er blitt nedlagt, men også å satse på ein del område som er unike for den nye skulen.

 

Wordle 3.png

 

  

Internasjonalisering

Amalie Skram videregående satsar mykje på å tilby elevar på Vg2 utveksling til ulike land i Europa og andre deler av verda. Vi har brei erfaring med internasjonale skulepartnarskap. Elevane våre og lærarar representerer skulen på forskjellige arrangement i andre land. Vi tar sjølv imot språkassistentar og utanlandske praksisstudentar. Skaff deg interkulturell kompetanse, betre språkferdigheiter og ein sterkare CV gjennom internasjonaliseringstilbodet på Amalie Skram enten du går på studiespesialiserande eller yrkesfag.

Samarbeidspartnarar

Vi har i alle år samarbeida tett med Universitetet i Bergen. Skulen og Universitetet er naboar, noko som mogleggjer fagleg samarbeid i kvardagen. Vi har hatt besøk av tilsette ved svært mange fakultet og institutt ved UiB, og gler oss over å få impulsar og kunnskap frå forskarar inn i skulekvardagen.

 I samarbeid med Marin Forskningsklynge i Bergen brukar elevane ved Amalie Skram data frå ein målestasjon i Store Lungegårdsvann.

Andre satsningsområde

Vi tilbyr ein eigen realfagssatsing der elevane blir gitt eit komplett 3-årig løp. I tillegg kan du kombinere toppidrett svømming eller fotball med eit skuleløp på Amalie Skram.  Er du meir interessert i breiddeidrett? Då er du hjarteleg velkomen til å søke her. Les meir om dei skreddersydde studieløpa våre

Solidaritetsprosjektet

Elevane på Amalie Skram har valt organisasjonen Bring Children From Streets (BCSF) som skulen sitt solidaritetsprosjekt. Vi inngår no eit samarbeid med BCFS og målet er i første omgang at det i nær framtid skal stå eit bygg i Kampala som rommer naturfagslabbar og IKT-sal og som har Amalie Skram vgs sitt namn.

BCFSN.jpg

Kvart år samlar elevane våre inn pengar. Dei bestemmer sjølv korleis – og vi oppfordrer elevane til å vere kreative og gjerne gå saman i grupper. Den klassen som samlar inn mest pengar vil bli premiert.

Richard Espenes Kiwanuka er grunnleggar av Bring Children From Streets. Han kom til Norge frå Uganda som foreldrelaus 16-åring. Richard er fortsatt leiar for organisasjonen. I utkanten av Kampala har BCFS bygd grunnskule, barneheim og yrkesskule – i tillegg til at dei driv skule og treningssenter i slummen i Kampala. Neste prosjekt er ein nye vidaregåande skule som skal tilby allmennfag og som vil få namnet The First Lady – oppkalt etter BCFS ambassadør Cecilia Brækhus. Denne skulen er det altså Amalie Skram skal bidra til å få bygd.