Praktisk informasjon
60 minutts skoletimar? Fråværsreglar? Her finn du informasjon om praktiske ting og tang som gjeld kvardagen på skolen.

Organisering av skuleveka
Her på Amalie Skram har vi undervisningstimar på 60 minutt. Skuledagen startar tidlegast kl 08.15 og sluttar seinast kl 15.50 . Dette er den ytre tidsramma. Dagen vert delt inn i 6 undervisningstimar og 3 gonger i veka er lunsjpausen utvida til 55 minutt.
Det er ikkje lik timeplan alle vekene. Normalt har vi to timeplanar som byter annakvar veke. På denne måten kan nokon fag få veker med lengre samanhengande undervisningsøkter. Amalie Skram har ikkje fagdagar/blokkdagar

IKT ved Amalie Skram
Amalie Skram vidaregåande skule har det beste og mest fleksible AV utstyret som kan skaffast. Elevane og lærarane vel sjølv om dei vil bruka Mac eller pc. Vi har ein stor ikt-seksjon i fjerde etasje med helpdesk bemanna av ikt-leiarar, ikt-konsulent og ikt-lærlingar. Velkomen til oss!

Elevfravær på Amalie Skram
Elevar som har meir enn 10% fravær i eit fag, vil ikkje få halvårsvurdering eller standpunktkarakter i faget. Elevar som kan dokumentera at fraværsgrensen er overskride på grunn av helse- og velferdsgrunner, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, vil likevel ha rett til vurdering under føresetnad at læraren har forsvarleg vurderingsgrunnlag i faget.

Ordensreglement i HFK
Alle skulane i Hordaland fylkeskommune har felles åtferds- og ordensreglement. Dette finn dykk vedlagd.

Privatisteksamen
Les meir på HFK sine nettsider.
Spørsmål vert rett til eksamenskontoret eksamen@hfk.no