Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

IKT-avdelinga på Amalie Skram

Alle elevar må disponere eigen berbar datamaskin mens dei går på vidaregåande skule. Viss du allereie har ei god berbar datamaskin kan du gjerne bruke denne på skulen.

PC eller Mac?

Både Mac og PC vil fungere godt på Amalie Skram. Lærarane våre brukar begge plattformar, og IKT-konsulentane våre kan rettleie deg uansett kva for ei maskin du vel.

Vi anbefaler at du har ei lett og robust maskin med god batterikapasitet.

Kjøp av Elev-PC gjennom Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylke har ei ordning kor du kan kjøpe elev-PC til rabatterte prisar. Du vil få stipend som dekkjer kostnaden til rimelegaste datamaskin.

Sjå meir info på Hordaland.no. Sjå også infoskriv som er sendt heim til deg.

Skal du kjøpe PC via vår leverandør Atea, må du bestille før 31.07., dersom du skal vere garantert å ha fått PC til skulestart.