Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevaktivitetar

Vi ønskjer at du skal trivast som elev hos oss. Målet vårt er å skape arenaer der elevar kan treffast og bli kjent. Eit aktivt elevmiljø bidrar til både glade elevar og gode resultat. Hos oss kan du få brukt fleire sider av deg sjølv, om du har lyst og tid.

 

_DSC_0007.jpg

Strandebarm

Det kan vere litt skummelt å starte på ein ny skule. For at du skal bli betre kjent drar alle elevar på Vg1 til Strandebarm saman med lærarar, rådgjevarar og leiinga.

Vi går tur, lærer naturfag, gjennomfører turneringar, og om kvelden har vi underhaldning og har det kjekt.

 

Skolelag.jpg

Turneringar

Vi har mange dyktige fotballspelarar på skulen. Dette jentelaget viste at gutane sin suksess ikkje berre var eit blaff.  Dei slo Sonans 15-0.  

Vi ser fram til mange spennande fotballkampar i framtida også. 

 

revy.jpg

Revy

Med ein utruleg mengde entusiasme og dugnadsarbeid blei Amalie Skram-revyen født. Med spark til regjeringa, bergenspolitiet, paven, Skyss, Putin og Obama, leverte elevane ein svært engasjert og morsom revy.

Vi satsar på at revyen skal bli ein årleg foreteelse!

 

Kaffe diem2.jpg

Kaffebar

Bergen sin beste barista Christian Nesset frå Kaffemisjonen har halde kurs for baristaene i Kaffe Diem i 3. etasje.

Utruleg god kaffe i friminuttet?  Ein stad å slå av ein prat med medelevar?  

Elevar frå programområdet Sal og service driftar kaffebaren vår, som er svært populær.

 

Trening.jpg

Trening

I samband med idrettsanlegget har vi eit kjempefint treningssenter på over 200m2.  

Her kan elevar og lærarar trene, og det er organisert rettleiing og oppfølging.