Rapportar og statistikk

Hordaland i tal

Frå 2017 til 2018 auka folketalet i Hordaland med 0,5 % som er den lågaste veksten sidan 1998. Samstundes ser vi at det kjem stadig færre innvandrarar frå Europa, som har dominert innvandringsstraumen til Hordaland dei seinare åra. Saman med rekordlåg netto innanlandsk flytting og lågt fødselsoverskot, har dette ført til den låge folkeveksten vi no har hatt siste året i Hordaland.

Les rapporten

Hordaland fylkeskommune skal bidra til god kunnskaps- og kompetanseutvikling som over tid skal tene heile Hordalandssamfunnet. For oppnå dette legg vi særleg vekt på å utarbeide statistiske og geografiske analysar, evalueringar, spørjeundersøkingar, prognosar og ringverknadsanalyser knytt til regional utvikling. Analysane er publisert i vår rapportserie AUD-rapportar.

Vår statistikkteneste, statistikk.ivest.no, skal gjere det enkelt å finne fram til og å analysere data på eiga hand. Her finn du oppdatert statistikk om fylket, kommune eller region i interaktive tabellar som lett kan skrivast ut eller eksporterast til andre program. 

Tenester

Her finn du våre rapportar og statistikktenester.