Saker, saksgang og politiske møte
Fylkestinget har møte fire gonger i året; i mars, juni, oktober og desember.
Fylkesutvalet og dei tre hovudutvala kultur, idrett og regional utvikling, opplæring og helse og miljø og samferdsel har 10 -11 møte i året. Kontrollutvalet møtes 8-10 gonger i året, og for dei andre utvala varierer tala på møte.
Sakene til fylkestinget blir lagde ut 14 dagar før første møtedag, for dei andre utvala blir sakene lagde ut ei veke før første møtedag.
Dei politiske møta er opne for publikum. Delar av møta kan likevel lukkast dersom saka som blir behandla er unnateke offentlegheit.
Demonstrasjonsmateriell må ikkje takast med inn i eller delast ut i møtelokalet eller i tilstøytande rom utan at møteleiaren har samtykt til dette.
Politiske møte og saker
-
Møte- og saksdokument
E-innsyn: Politiske saksdokument til fylkestinget, fylkesutvalet og alle råd, styre og nemnder
-
Politisk møteplan
Samla oversikt over alle politiske møte
-
Kalender - politiske møte
Kalenderoversikt og program for dei politiske møta
-
Politiske saker før 2014
Lenkje til vårt gamle saks- og arkivsystem Doculive
-
Spørsmål frå politikarane
Oversikt over spørsmål stilt i dei politiske møta
-
Fylkestinget på nett-tv
Opptak av møte i fylkestinget
-
Politiske møte Vestland
Møteplan for hausten 2019