Utval for opplæring og helse

Utvalet har 15 folkevalde medlemer, og er eit av dei tre faste utvala.

Oppgåver

Utval for opplæring og helse (OPHE) arbeider med overordna politikkutforming for fylkeskommunen. Utvalet utformar mål for fylkeskommunen si verksemd innan opplæring og tannhelse, og prioriterer tenestetilbodet.

Utvalet gjev tilråding til fylkesutvalet  i planleggings- og økonomisaker, mellom anna årsbudsjett og økonomiplan, og har vedtaksrett i saker som gjeld fordeling av budsjetterte tilskots- og stønadsmidlar innan saksfeltet sitt.

Utvalet kan gje sjølvstendige fråsegner innan sine saksfelt, og kan gjere endeleg vedtak i enkeltsaker.

Sjå saker og medlemer i OPHE