Utval for kultur, idrett og regional utvikling

Utvalet har 13 folkevalde medlemer, og er eit av dei faste utvala i Hordaland fylkeskommune.

Oppgåver

Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) skal vere ein pådrivar for politikkutforminga innan kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland. Det gir også tilråding til fylkesutvalet i planleggings- og økonomisaker som mellom anna årsbudsjett og økonomiplan.

Utvalet fordeler tilskots- og stønadsmidlar, og deler ut ei rekkje prisar som kulturarbeidarprisen, idrettsstipend, kunstnarstipend og miljøprisen. Utvalet har også vedtaksrett i ei rekkje plansaker, kan gje sjølvstendige fråsegner innan sitt saksfelt, og kan gjere endelege vedtak i enkeltsaker.

Sjå saker og medlemer i KIRU