Oppgåver
Ungdommens fylkesting møter ein gong i året og vel mellom anna ungdommens fylkesutval (UFU) som arbeidsutval. Ungdommens fylkesting og ungdommens fylkesutval skal vere eit høyrings- og rådgjevande organ for Hordaland fylkeskommune. Ungdommens fylkesting og ungdommens fylkesutval kan sjølve ta opp saker dei ønskjer fremja med administrasjonen og/eller politiske organ i fylkeskommunen.
Samansetting
Kvar kommune i Hordaland blir inviterte til å sende to frivillige og engasjerte representantar til ungdommens fylkesting som delegatar.
Vedtekter for ungdommens fylkesting (PDF)
Reglement for ungdommens fylkesting (PDF)
Ungdommens planprogram for 2019 (PDF)
Møtebok for ungdommens fylkesting 2019