Kontrollutvalet

Kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune har fem medlemer. Leiar, nestleiar og ein av medlemene skal veljast blant fylkestinget sine medlemer.

Oppgåver

Kontrollutvalet skal føre tilsyn og kontroll med den fylkeskommunale forvaltninga på vegne av fylkestinget, og sjå til at fylkeskommunen har ein forsvarleg revisjonsordning. Kontrollutvalet gjev innstilling i revisjonssaker direkte til fylkestinget.

Kontrollutvalet har normalt 8 - 9 ordinære møte i året. Møta i kontrollutvalet er opne for ålmenta. 

Møteoversikt

Sjå saker og medlemer i kontrollutvalet

Revisjon

Hordaland fylkeskommune har avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Det omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Sekretariat

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møte. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Dei pliktar å følgje utvalet sine retningslinjer og pålegg.

Sekretariat for kontrollutvalet

Kontakt sekretariatet for kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune: kontrollutvalet@hfk.no

Sjå også

Kontrollutvalsboka
Forum for kontroll og tilsyn
Forskrift om kontrollutval

Rapportar

Årsmeldingar for kontrollutvalet

Årsmelding 2014 for kontrollutvalet
Årsmelding 2015 for kontrollutvalet
Årsmelding 2016 for kontrollutvalet
Årsmelding 2017 for kontrollutvalet

Forvaltningsrevisjonsrapportar

2015 – Forvaltningsrevisjon av NDLA I
2015 – Forvaltningsrevisjon drift og vedlikehald av fylkesvegar
2015 – Forvaltningsrevisjon av prosjektstyring
2015 – Forvaltningsrevisjon av rusførebyggande arbeid
2015 – Forvaltningsrevisjon av vedtaksoppfølging kunstnarbustad i Spania
2016 – Forvaltningsrevisjon bruk av regionale utviklingsmidlar
2016 – Forvaltningsrevisjon av skuleskyss
2016 – Plan for forvaltningsrevisjon 2016 – 2020
2016 - Forvaltningsrevisjon innan innkjøp i vidaregåande skular i Hordaland - Del 1
2017 - Forvaltningsrevisjon av NDLA 2
2016 - Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune - planlegging av investeringar
2016 - Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Forretningsdrift i vidaregåande skular
2017 - Hordaland fylkeskommune - forvaltningsrevisjon av arkiv og offentlegheit

Selskapskontrollrapportar

2016 – Selskapskontroll av Hardanger AKS AS
2016 – Plan for selskapskontroll 2016 - 2020
2016 - Selskapskontroll av arkivering og journalføring i fylkeskommunale selskap
2017 - Selskapskontroll av Hordaland Teater