Fylkestinget og fylkesordføraren

Fylkestinget i Hordaland har 57 medlemer, og er det øvste politiske organet i fylkeskommunen.  Anne Gine Hestetun (A) er fylkesordførar. Pål Kårbø (partipolitisk uavhengig) er fylkesvaraordførar.

Fylkestinget har ansvar for alle fylkeskommunale oppgåver. Sentrale oppgåver er fylkesplanlegging, planlegging av fylkeskommunen si eiga verksemd, og økonomiplan og årsbudsjett.

Organisering

Representantane blir valde for ein periode på fire år. I tillegg til deltaking i fylkestinget, deltek representantane også i ei rekkje andre råd og utval.

Fleirtalet i fylkestinget vel ein fylkesordførar som er møteleiar for fylkestingsmøta og leiar fylkesutvalet. Fylkestinget utnemner også representantar og leiarar for ei rekkje utval som har delansvar for fylkeskommunen sine mange ansvarsområde. Fylkestingsvalet blir halde kvart fjerde år, samtidig med kommunevalet. Neste fylkestingsval er i 2019.

Partifordeling

I valperioden 2015-2019 er ni politiske parti representerte i fylkestinget.

Arbeiderpartiet har 20 representantar. Høgre har 12, og Framstegspartiet har sju representantar. Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet har fire. Sosialistisk Venstreparti og Venstre har tre representantar kvar. Miljøpartiet De Grønne har to representantar. Rødt har ein representant. 

Sjå medlemer og saker i fylkestinget

Foto av alle i fylkestinget (Flickr)

Fylkesordføraren sin kalender 

Veke 48

Onsdag: Konferanse om elektrifisering i Oslo, der Hordaland er nominert til pris for beste fylke på elektrifisering.

Torsdag: Innledning, Trainee vest

Fredag: Regionmøte om NTP-arbeidet

Fylkesordførar
Profilbilde av Anne Gine Hestetun
Anne Gine Hestetun
995 64 643
Fylkesvaraordførar
Profilbilde av Pål Kårbø
Pål Kårbø
934 29 063