Politisk organisering

Fylkeskommunen forvaltar fellesskapet sine verdiar med vekt på menneskeverd og likeverd.

Fylkeskommunen sine administrative oppgåver er politisk styrte. Det betyr at Hordaland fylkeskommune utfører den politikken som blir vedteken av dei folkevalde politikarane som sit i fylkestinget, fylkesutvalet og andre politiske utval. Fylkestinget er det øvste styringsorganet, og utgjer Hordaland sitt ”storting”.

Fylkesordføraren er politisk leiar av fylkestinget. Fylkesutvalet førebur saker for, og kjem med innstillingar til fylkestinget. Fylkeskommunen har og ei rekkje politiske utval som er knytt opp mot dei viktigaste fagområda som fylkeskommunen jobbar med; regional utvikling, samferdsel, kultur, vidaregåande opplæring og tannhelse. 

Anne Gine Hestetun (A) er fylkesordførar i perioden 2015-2019. Pål Kårbø (KrF) er fylkesvaraordførar.

Politiske utval

Oversikt over dei politiske utvala i Hordaland fylkeskommune.

Oversikt over politiske møte

Møtekalender