Kommundelplan for fv 49 forbi Tokagjelet på offentleg ettersyn

Kommunedelplan med konsekvensutgreiing for fylkesveg 49 mellom Steinsdalen og Frøland i Kvam og Samnanger kommunar er no lagt ut på høyring.

Formålet med planarbeidet er å fastleggje framtidig vegløysing for fylkesveg 49 forbi Tokagjelet. Dagens veg gjennom Tokagjelet er svært skredutsett, og i tillegg er det behov for oppgradering av tunnelar.  

Fylkesveg 49 forbi Tokagjelet er vurdert som den mest rasfarlege vegstrekninga på fylkesveg i Hordaland. Mellom anna vart det ein stor skredhending i 2013 som førte til at vegen vart stengd ein lengre periode.  Utbetring av vegstrekninga er vurdert, men det har vist seg nødvendig å byggje tunnel forbi Tokagjelet. 

Det utgreidd fire ulike tunnelinnslag i Steinsdalen, aust for Tokagjelet. Vest for Tokagjelet er fem alternative tunnelinnslag utgreidd. Det er tre tunnelinnslag på Kvamskogen (Røyrli, Kleven eller Eikedalen) og to tunnelinnslag ved Frøland. Den kortaste tunnelen er sett til 5880 meter og den lengste til 14 830 meter.

Fylkeskommunen har mellom anna lagt  opp til å nytte 670 mill.  kroner i rassikringsmidlar i perioden 2021-2026 til prosjektet.