Du kan ta initiativ til ei sak

Innbyggjarane i Hordaland har rett til å fremje forslag for politikarane. Det slår kommunelova fast.

Krav til initiativet

Fylkestinget pliktar å ta stilling til eit forslag som gjeld fylkeskommunen si verksemd dersom minst 500 innbyggjarar i Hordaland står bak forslaget. Støtte til forslaget må dokumenterast i form av underskrifter.

Alle innbyggjarar i Hordaland kan fremje forslag, også personar under 18 år. Alle som står bak forslaget må vere registrert busette i Hordaland. Organisasjonar i fylket kan også fremje forslag.

Har du eit initiativ du vil fremje?

Innbyggjarinitiativ kan opprettast elektronisk på minsak.no og der kan du også samle underskrifter til saka. 

www.minsak.no