Høyring om skulenamn

Opplæringdirektøren har føreslått nye namn på fire skular i Bergen og Hordaland. Sei di meining om dette innan 14. desember.

Fylkesdirektør opplæring vil at fylkestinget i mars 2019 skal vedta namn på fire skular:

  • Åsane videregående skole, forslag til nytt namn: Åsane vidaregåande skule
  • Sotra vidaregåande skule, forslag til nytt namn: Øygarden vidaregåande skule
  • Laksevåg videregående skole + Bergen maritime videregående skole, forslag til nytt namn: Laksevåg vidaregåande skule
  • Bømlo vidaregåande skule + Rubbestadnes vidaregåande skule, forslag til nytt namn: Bømlo vidaregåande skule

Fylkestinget vedtok 7. mars 2017 nye rutinar for namnesetting av vidaregåande skular i Hordaland. Vedtaket seier at det i hovudsak er stadnamn som er førande for namn av skular i Hordaland. Det er fylkestinget som vedtek nye skulenamn.

Du kan kome med innspel til saken. Send dine innspel til hfk@hfk.no, innan høyringsfristen 14. desember 2018.