Høyring: Nye namn på vidaregåandeskular i Hordaland

Fylkestinget skal vedta nye namn  på tre vgs i fylket. Du kan sende inn høyringsinnspel.

Fylkestinget vedtok 7. mars 2017 nye rutinar for namnsetjing av vidaregåande skular i Hordaland.

Vedtaket seier at det i hovudsak er stadnamn som er førande for
namnsetjing av skular i Hordaland. Nye namn skal vedtakast i fylkestinget. Seks skular som fylkestinget har vedteke å slå saman og samlokalisera, fell no inn under vedtaket.

Fylkesdirektør opplæring ynskjer vedtak om tre nye skulenamn i fylkestinget oktober 2017.

Forslag til nye skulenamn

  • Namn på samanslåinga av Garnes vgs. og Arna vgs.: Arna vidaregåande skule
  • Namn på samanslåinga av Øystese gymnas og Norheimsund vgs.: Kvam vidaregåande skule
  • Namn på samanslåinga av U. Pihl vgs. og Tertnes vgs.: Tertnes videregående skole

Høyringsinnspel sendast til opplaering@hfk.no
Høyringsfrist: fredag 16. juni 2017.