Høyring om regional vassforvaltingsplan for vassregion Hordaland

Korleis kan vi få eit godt vassmiljø til glede og nytte for heile samfunnet? Regional vassforvaltingsplan for vassregion Hordaland skal no rullerast. Du kan kome med innspel.

Vassregion Hordaland omfattar alt ferskvatn og kystvatn i Hordaland fylke. Regional plan for vassforvaltning for Hordaland vassregion vart godkjent i 2016 og gjeld til utgangen av 2021. Arbeidet med å oppdatere planen for perioden 2022 - 2027 er no starta opp.

Har du innspel om konkrete tiltak som bør vurderast og utgreiast, eller eventuelle prioriteringar i det vidare planarbeidet? 

Er miljøtilstanden og påverknadene rett omtalt i vassforekomstar du kjenner? Du finn informasjon om alle vatn i Hordaland på vann-nett.no.

Alle har høve til å uttale seg i høyringa, kommunar, sektorstyresmaktar, lag og organisasjonar, privatpersonar med meir.

Vi ønskjer innspel på:

  • Planprogram for regional vassforvaltningsplan for vassregion Hordaland og Sogn og fjordane 2022-2027
  • Hovudutfordringar i vassregionen og vassområda.

Du finn meir informasjon og alle dokumenta du treng til høyringa på vannportalen.no

Vi tek òg imot innspel både på andre måtar, til dømes brev på adressa Hordaland fylkeskommune v/Hordaland vassregionutval, boks 7900, 5020 Bergen.