Høyring om handlingsplan for cruisestrategien

Har du meiningar om cruise? Handlingsplan for cruisestrategien for Vestlandsfylka er no ute på høyring. Høyringsfrist er ute.

Handlingsplanen femnar om dei to viktigaste innsatsområde innan cruise 

  • Klima og miljø
  • Auka verdiskaping på land

Med ein venta vekst i framtidig cruisetrafikk må vi setje inn tiltak for å ta vare på natur, miljø og samfunna våre, og klima og miljø er følgjeleg eit særs viktig innsatsområde. Auka trafikk er eit godt høve til å styrke innteninga i cruiserelatert verksemd på land, noko om skaper arbeidsplassar og ei inntening som kan vidareutvikle reiselivstilboda våre.

Handlingsplanen syner korleis ein kan iverksetje den cruisestrategien som vart vedteken av Vestlandsrådet i november 2016.

Handlingsplanen vert no sendt ut på høyring, med høyringsfrist 2. januar 2018. Handlingsplanen vert deretter behandla i kvar av dei fire fylkeskommunane, og deretter vedteken av Vestlandsrådet.

NB! Innspela sendast til Sogn og Fjordande fylkeskommune, ikkje til Hordaland. (Sjå blå boks)

Dokument

Høyringsbrev

Handlingsplan for cruisestrategien 2018-2020

Kontaktperson
Ingeborg Lysne McEvoy
90634837