Høyring - temaplan "Likeverd i Hordaland fylkeskommune"

Fylkesutvalet vedtok 23. februar 2017 høyringsutkast til temaplan «Likeverd i Hordaland fylkeskommune». Planen har vore ute på høyring. Høyringsfristen er no ute.

Temaplan «Likeverd i Hordaland fylkeskommune» er ein overordna plan som skal gi retning for tilsette og tenesteyting i Hordaland fylkeskommune.

Det blir i planen foreslått fire hovudmål, med underliggande strategiar, som omfattar hovudutfordringar i planen. Dei fire hovudmåla er:

• Hordaland fylkeskommune skal ha eit likeverdsperspektiv i all tenesteyting

• Hordaland fylkeskommune skal legge til rette for fleire gode leveår for alle

• Hordaland fylkeskommune skal ha nulltoleranse for mobbing

• I Hordaland fylkeskommune skal alle bli møtte med respekt, og mangfald blir sett på som ein ressurs.

Høyring og informasjon

Høyringsfristen er no ute. Resultatet av høyringa vil bli vurdert og lagt fram for den politiske prosessen fram mot slutthandsaminga i fylkestinget i juni 2017.

Vedlegg

Høyringsutkast

Vedlegg til høyringsutkast

Høyringsbrev

Politisk sak