Nominer ein kandidat til Årets Hordalending 2018

Prisen som Årets Hordalending skal løfte fram ekstraordinære prestasjonar, handlingar og engasjement hos personar, lag, foreiningar eller verksemder med tilknyting til Hordaland.

Hordaland fylkeskommune vil løfte fram dei eller den som gjer ein ekstraordinær innsats for fylket.

Det fins allereie ei rekkje prisar for enkeltprestasjonar innan miljø, idrett, forsking og kultur. Denne prisen vil vere ein sektor-overgripande pris som femnar alle område av samfunnet.

Kven kan foreslå kandidatar

  • Medlemene i fylkestinget
  • Kommunestyre og statlege etatar i Hordaland
  • Nærings- og arbeidslivet sine organisasjonar
  • Registrerte interesseorganisasjonar *
  • Utdanningsinstitusjonar
  • Regionråda i Hordaland
  • Juryen

Det er styret eller øverste leiar i den enkelte organisasjon som kan nominere til prisen.

* Dette inneber alle typar organisasjonar som er registrert i Brønnøysundregisteret eller hos Stiftelsestilsynet - enten i Frivillighetsregisteret, eller i anna organisasjonsregister.

Forslaget må innehalde følgjande opplysningar

  • Ditt namn
  • Kven du representerer (namn og organisasjonsnummer)
  • Ditt telefonnummer
  • Namn på foreslått kandidat
  • Grunngjeving og kvifor kandidaten bør få prisen

Kven kan bli Årets Hordalending

Kandidatar til Årets Hordalending

  • må ha utmerka seg lokalt, nasjonalt eller internasjonalt
  • må ha sett Hordaland på kartet
  • må vere frå Hordaland eller bu i fylket
  • kan representere alle område av samfunnet
  • kan ikkje ha motteke prisen tidligare

Frist for innmelding av kandidatar er 1. november 2018. 
Premie: Diplom og pengegåve på kr 50 000
Prisutdelinga finn stad på fylkesordføraren sitt nyttårsmøte 3. januar 2019.

Tidlegare vinnarar

2017: Hilde Reikrås (etterforskingsleiar operasjon "Dark Room")
2016: Robin Schaefer (politietterforskar som fekk gjenopna Monika-saka)
2015: Fargespill (for brubygging mellom ulike kulturar og norske tradisjonar)
2014: LO og NHO (for fremjing av fagopplæring og lærlingordninga)

Juryen

Det er fylkesutvalet som oppnemner juryen for prisen. Juryen består av fem personar frå fylkestinget sine medlemmer.

Juryen består av:

Anne Gine Hestetun
Pål Kårbø
Mona Røsvik Strømme
Natalia A. Golis
Benthe Bondhus

Profilbilde av Solbjørg Sveum
Solbjørg Sveum
48861293