Tettstadutvikling
Jon Nedkvitne, samfunns- og utviklingssjef i Kvam herad:
Fylkeskommunen er ein viktig inspirator og bidragsytar i arbeidet med å utvikle attraktive tettstader.
Hordaland fylkeskommune ønskjer å vere ein viktig samarbeidspartnar for kommunar som vil utvikle tettstadane slik at dei blir meir attraktive for innbyggjarar, næringsliv og tilreisande.
Vi skal stimulere til utvikling av region- og lokalsentra i fylket. Eit attraktivt lokal og regionsenter må ha gode offentlege tenester, ha moglegheiter for næringsutvikling og kunne tilby bustadar. I tillegg må det leggast til rette for handel og kulturliv.
Fylkeskommunen skal støtte kommunane i deira planarbeid. Kommunar som ønskjer å setje i gang konkrete tiltak kan kontakte oss for rådgjeving og økonomisk støtte til prosjekt.
Tenester