Senter- og stadutvikling

Hordaland fylkeskommune ønskjer å vere til inspirasjon og støtte for kommunar som vil utvikle by- og tettstadane slik at dei blir meir attraktive for innbyggjarar, næringsliv og tilreisande.

Regional plan for attraktive sentre fastslår at veksten i hovudsak skal skje i prioriterte senter. Attraktive senter må ha gode offentlege tenester, ha moglegheiter for næringsutvikling og kunne tilby bustadar. I tillegg må det leggast til rette for handel og kulturliv.

Å definere ei form for urbanitet som passar den små- og mellomstore byskalaen, kommunekonteksten, lokale identitetar og stadsbilete, samt sikrar kvalitet i bygd resultat kan vere ei utfordring. Fylkeskommunen vil gjennom sentergruppa vere ein samarbeidspartnar for kommunane i dette arbeidet.

Verktøy og tenester

Utvikling av sentre i fylket - prosjekteksempel

Norheimsund - småby med fjordpromenade

Norheimsund - kommunesenter i Kvam og regionsenter i Hardanger - fekk tildelt Statens pris for attraktiv stad i 2013. Kommunen har hatt ei mangeårig og brei satsing på stadutvikling med fagleg og økonomisk støtte frå fylkeskommunen. Alle delprosjekta har høg kvalitet: miljøgata "Nye Grova", kaifronten, gjestehamna, "Haldeplassen", det nye hotellet og strandvegen. - Det er noko spesielt med energien som ligg i denne staden, som har gjort inntrykk på meg. Det er ingen andre tettstader som kan vise til ein tilsvarande fjordpromenade gjennom sentrum, sa juryformann Erling Dokk Holm under prisutdelinga i 2013.