Regionalt planforum
Plan- og bygningslova, § 5-3 om Regionalt planforum:
I hver region bør det være et regionalt planforum. I planforumet skal statlige, regionale og kommunale interesser klarlegges og søkes samordnet i forbindelse med arbeidet med regionale og kommunale planer. Regional planmyndighet oppretter regionalt planforum. Statlige og regionale organer og kommuner som er berørt av den aktuelle sak, skal delta......
LovdataRegionalt planforum er ein møtestad der kommunar og andre forvaltingsorgan kan drøfte planar som er under arbeid.
Målet er at ein tidleg i planprosessen avklarar spørsmål og ulike interesser mellom kommunar, fylke og sektorstyresmakt. Hordaland fylkeskommune er sekretariat for regionalt planforum. Drøfting i planforum er særleg naudsynt for kommuneplanane, men òg for kommunedelplanar og større reguleringsplanar.
Det er ønskjeleg at kommunane kjem i planforum med ein plan minst to gonger, før planprogram og før planforslag vert sendt på formell høyring. Det kan òg vere aktuelt å drøfte kommunale planstrategiar og regionale planar.
Møta blir haldne i fylkeshuset med mindre anna er avtalt.
Møteplan og informasjon
Her finn du møteplan, møtedokument, møtereferat og meir informasjon om regionalt planforum.