Vassforvalting, vilt og innlandsfisk, akvakultur, skjelsand, næringsutvikling

Fylkeskommunen har sektoransvar på ei rekkje område som er relevante i planlegginga.

Hordaland fylkeskommune er vassregionmyndigheit og har sektoransvar for haustbare, ikkje trua viltartar og innlandsfisk. Fylkeskommunen er konsesjonsmynde i saker som gjeld akvakultur og skjelsand og tildeler næringsretta utviklingsmidlar i Hordaland.

Vassforvalting

Hordaland fylkeskommune er vassregionmyndigheit for Vassregion Hordaland og har plan- og prosessansvar for å lage regional forvaltningsplan og regionalt handlingsprogram for vatn (kyst, vassdrag, innsjø og grunnvatn).

Kommunane har ansvar for vassforvaltninga på sine områder mellom anna i høve til arealplanlegging, landbruksforureining, kloakk, drikkevatn og kommunale vegar. Kommunane må gjere vasstiltak innafor sine felt etter politiske prioriteringar og gjeldande lover mellom anna tiltak som kjem som følgje av vassforskriftarbeidet.

Kommuneplanen bør omtale byggegrenser mot sjø og vassdrag, haldning til lukking av bekkar og tiltak for å unngå forureining. Nedbør bør ha avlaup gjennom infiltrasjon i grunnen og i opne vassvegar. Opne vassvegar har større kapasitet, er billigare, gir betre økologi og ser betre ut. Reguleringsplanar bør i naudsynt omfang identifisere og sikre areal for overvann.

Andre relevante plantema: Klima og energi, Landskap og Vilt og innlandsfisk

Regional plan for vassregion Hordaland

Vilt og innlandsfisk

Fylkeskommunen har sektoransvar for haustbare, ikkje trua viltartar, innlandsfisk og sel. Viltet og viltet sine leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på. Omsyn til viltet skal innpassast i kommunal og fylkeskommunal planlegging.

Vilt

Kommuneplanen må sikre at tiltak ikkje kjem i konflikt med viltet sitt levegrunnlag. God kartlegging av storleik, utbreiing og ferdselsårer til viltartar vil vere naudsynt i kommuneplanarbeidet. Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen i Hordaland kan kontaktast for å få ei oversikt og kartdata over vilt og innlandsfisk. 

Innlandsfisk

Fylkeskommunen skal ivareta omsynet til lokale bestandar ved gjennomføring av vassdragstiltak og kultivering av innlandsfisk. Kultivering av innlandsfisk skal gå føre seg i tråd med fylkesmannen sine kultiveringsplanar og Direktoratet for naturforvalting sine retningsliner.

Viltloven

Lov om laks og innlandsfisk

Miljødirektoratet

Meir informasjon på temaside om viltforvalting, innlandsfisk og sel

Akvakultur

Prioritert næring

Marine næringar er eit prioritert satsingsområde for Hordaland fylkeskommune. Det er viktig at kommunen gjennom arealplanlegging legg til rette for ei berekraftig og lønnsam utvikling innafor akvakulturnæringa. Fylkeskommunen har ansvar for tildeling av løyve og klaring av lokalitetar, og har i tillegg ansvaret for å ivareta havbruksinteressene og fremje motsegn på vegne av havbruksinteressene.

Akvakultur i kommuneplanen

Areal der det allereie er gjeve akvakulturløyve på permanent basis må takast inn i kommuneplanen som einbrukskategori akvakulturområde. Sjøområda som vert sett av for akvakultur bør vere tilstrekkeleg store med tanke på framtidig trong for justering av anlegg og fortøyingssystem. Små akvakulturområde gjev liten grad av fleksibilitet for å møte framtida, og i staden risikerer ein auka tal av søknader om dispensasjon.

Særleg sentralt i høve til planlegging av sjøareal tilknyta akvakultur er PBL § 11-7 pkt. 6 Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone og § 11.11 pkt. 3 bruk og vern av vassflate, vassøyle og botn, og pkt 7 kva artsgruppe eller artar av akvakultur som einskild eller i kombinasjon kan etablerast.

Regelverk

Regelverket for akvakultur og registeret over gjevne akvakulturløyve finn de på heimesidene til Fiskeridirektoratet.  Her er også kartverktøy med kartdokumentasjon for godkjente akvakulturlokalitetar, og det er muleg å laste ned koordinatar for alle godkjente lokalitetar, samt og hente opplysningar om eigartilhøve gjennom Brønnøysundregistra.

Fiskeridirektoratet

Nærings- og fiskeridepartementet

Meir informasjon på temaside om akvakultur

 

Skjelsand

Det er kartlagt relativt store mengder skjelsand på sjøbotnen ute på kysten i Hordaland. Rettane til skjelsandførekomstane ligg til staten i medhald av kontinentalsokkellova. Skjelsand er mellom anna nytta som kalkkjelde i jordbruket, men har også ei rekkje andre bruksformål. Opptak av skjelsand krev konsesjon, og konsesjonsmyndet er delegert til fylkeskommunen..

Konsesjonshandsaming

Konsesjonshandsaming skjer etter retningsliner fastsett av Nærings- og handelsdepartementet i rundskriv 1.4.1993. Konsesjon kan ikkje gjevast i strid med bindande arealplan med mindre det aktuelle planmyndet samtykkjer. I praksis vil omsøkte skjelsandopptak innebere vesentlege terrenginngrep (pbl §§ 20-1 og 30-4), dvs tiltak som skal vurderast/handsamast etter forskrift om konsekvensutgreiing.

Både plan- og bygningslova og kontinentalsokkellova har innverknad på planlegging av skjelsandopptak. Konsesjonsområde for skjelsandopptak bør visast i kommuneplanens arealdel som råstoffutvinning, men skjelsandopptak er i utgangspunktet heller ikkje i strid med arealføremål knytt til fiske-, ferdsle,- frilufts- og naturområde. Føresegnene i kommuneplanen bør derfor presisere at konsesjonshandsaming av skjelsandopptak i desse føremåla ikkje krev dispensasjon frå kommuneplanen. I slike samanhengar kan føresegnene også avklare bruk og vern av vassflate, vassøyle og botn i sjøområda.

Omsyn til andre interesser

Skjelsandopptak vil medføre terrenginngrep, og det er viktig å ta omsyn til andre interesser som ferdsleårer på sjøen, fiske- fugle og friluftsliv og havbruk. Fylkeskommunen kan i konsesjonen fastsetje nærare vilkår for å ta omsyn til spesielle interesser.

Meir informasjon på temaside om mineralressursar

Næringsutvikling

Ein innovativ region

Gjennom Regional næringsplan 2013-2017 legg Hordaland fylkeskommune vekt på verkemiddel som har som føremål å utvikling arbeidsplassar og bidra til verdiskaping i fylket. Innsatsen skal særleg spissast mot entreprenørskap og innovasjon, næringsretta kompetanse og infrastruktur.

Viktige næringar

Kommunen kan bidra til at fylket blir ein innovativ region ved å ha fokus på særlege føremoner knytt til vekstpotensial, innovasjonsevne, internasjonal konkurransekraft og evne til omstilling. Dette er næringar som energi, maritim, marin og reiseliv, i tillegg til landbruk og lokal mat, som er ei viktig distriktsnæring, samt media- og kulturbasert næringsliv.

Strategiar for næringsarbeidet

Fylkeskommunen forventer at kommunane har nokre overordna strategiar for næringsutviklingsarbeidet, som er blant føringane for arealplanlegginga i kommuneplanen. Kommunen bør først vurdere kva for utfordringar/problem/ mogelegheiter) kommunen står overfor. Det kan til dømes gjerast ein enkel SWOT-analyse (styrke, veikskap, mogelegheiter og truslar). Ut i frå denne analysen bør ein vurdere kva for utfordringar kommunen kan gjere noko med, og kva ein eigentleg ikkje kan påverke – og utvikle strategiar på dette grunnlaget.  

Næringsareal

I arealplanprosessen bør kommunen ha tett dialog med næringslivet. Det er viktig å finne ein god balanse mellom ein overordna arealpolitikk for kommunen og ulike næringar/verksemder sitt behov for areal. Nokre næringar (til dømes industri/handel) treng stort areal, andre relativt lite. Verksemder med stort transportbehov treng areal med tilknyting til veg, men vegen bør ikkje ha flaskehalsar som gir behov for omlasting.   

Attraktive lokalsamfunn

Andre tema som også er viktig for næringsutvikling er attraktive lokalsamfunn. For å sikre næring i plan er derfor viktig at ein òg legg til rette for gode tettstader. Utvikling av attraktive regionsenter er viktig for ei balansert regional utvikling.

Aktuelle regionale planar

Regional næringsplan

Regional plan for attraktive senter

Meir informasjon på temaside om næringsutvikling.