Senterstruktur og attraktive senter

Hordaland skal ha attraktive senter som fremjar livskvalitet, robust næringsliv og miljøvenleg transport.

Hordaland fylkeskommune vil styrke kvaliteten ved byar og tettstader som vitale handelsstader og gode, trygge og vakre møtestader for kulturelt og sosialt samvær. Byar og tettstader er viktige knutepunkt i kommunane; funksjonelt, økonomisk, sosialt, og kan fungere som eit samlande symbol for ein kommune

Senterstruktur

Hordaland skal ha eit nettverk av attraktive senter som fremjar livskvalitet, robust næringsliv og miljøvenleg transport. Sentera skal tilrettlegge for vekst i heile fylket og skal utformast slik at dei er attraktive å vere, bu og drive næring i. Dei skal ha eit mangfald av tenester, arbeidsplassar, fritids- og kulturtilbod tilpassa senteret sitt nivå i senterstrukturen. Handelsverksemd må vere dimensjonert etter nivå i senterstrukturen.

Kommunane skal gjennom kommuneplanarbeid innarbeide ein senterstruktur i samsvar med regional plan: fylkessenter, regionsenter, bydelssenter i Bergen, kommunesenter og eventuelt lokalsenter og nærsenter. 

Sentrumsutstrekning skal fastsetjast i kommune(del)plan eller reguleringsplan for sentrum. Sentrumsområde skal planleggjast heilskapleg gjennom områdeplanlegging i offentleg regi.

Mål og retningsliner er å finne i:

Regional plan for attraktive senter - senterstruktur, tenester og handel

Attraktive senter

Fleirfunksjonelle og attraktive tettstader kan vere med og sikre arbeidsplassar, nyetableringar, busetjing, tilflytting og auka livskvalitet. Stadutvikling er viktig verkemiddel for å skape gode lokalsamfunn og buområde, og for samordna areal- og transportplanlegging.

For å sikre kvalitet i sentrumsområde børe ein gjennomføre stadanalyser og/eller muligheitsstudiar i samarbeid med innbyggjarane, næringsdrivande osv. som medspelarar. Dette kan gå som ein del av kommuneplanprosessen, eller i førebuinga av kommunedel- eller områdeplanar.

Utbyggingsstruktur

Ein bør sikre ein relativt tett, urban utbyggingsstruktur med offentlege gater og plassar, og med aktivitetar som er synlege frå gateplan. Mangfald gjennom funksjonsblanding og fleire typar og storleik av husvære kan gje meir allsidige, oversiktlege og levande sentrumsmiljø over større delar av døgeret. Det same gjeld ved god tilrettelegging for fotgjengarar og syklistar.

Estetisk og arkitektonisk kvalitet i alle nye tiltak vil kunne auke stadens attraktivitet samla sett. Aktiv bruk av kulturminne i stadutvikling kan gi auka trivsel og rom for ny næringsaktivitet. Ivaretaking av mikroklima og grøntstruktur - også i dei urbane romma - kan gi auka trivsel og kvalitet i fellesområde. Dette kan sikrast gjennom gode føresegner.

Mål og retningsliner er å finne i:

Regional plan for attraktive senter i Hordaland - senterstruktur, tenester og handel

Sjå også temaside om tettstadutvikling.