Samordna areal/transport, samferdsel

Stor biltrafikk i by- og tettstadsområda er den største hindringa for utvikling av eit godt by- og tettstadsmiljø, i tillegg til at det bidreg til store klimagassutslepp. By-og tettstadsområda må bli mindre avhengige av bil og utvikle arealbruk og transportsystem som legg til rette for miljøvennlege transportformer.

Samordna areal- og transportplanlegging

Samordna planlegging av areal- og transportnett skal gje Hordaland eit funksjonelt utbyggingsmønster med gode, trygge og inkluderande bumiljø og bevaring av ein overordna grønstruktur.

Kommunane kan leggje til rette for ein effektiv arealbruk gjennom sine overordna kommuneplanar. Storleiken av by- og tettstadsveksten bør vere konsentrert omkring sentrum og knutepunkt i kollektivsystemet.

Gjennom eit bevisst val av senterstruktur og ei aktiv satsing på region-, kommune- og lokalsenter, kan ein demme opp for ei sterkare sentralisering inn mot Bergen. Infrastruktur for kollektivtrafikken må knytast til dei regionale sentra. Det må leggjast til rette for mjuke trafikantar gjennom utbygging av samanhengande gang- og sykkelvegar.

Sentrumsområde bør utviklast til viktige arenaer for handel og kultur, bustader og arbeidsplassar som kan utnytte ei sentral plassering og godt tilgjenge til kollektivtransport. ABC-prinsippet skal leggjast til grunn ved lokalisering av handels- og næringsverksemd.

Regionale planar:

Regional transportplan

Regional plan for attraktive senter

Regional transportplan for Bergensområdet (under arbeid)

Samferdsel

Transporttilbodet skal medverke til ei positiv verdiskaping og sikre robuste bustad- og arbeidsmarknadsregionar. Det skal medverke til å oppnå viktige miljøpolitiske målsettingar og redusere risikoen for ulukker innanfor alle transportformer. Gjennom planlegging skal det leggast grunnlag for eit effektivt, tilgjengeleg, trafikksikkert og miljøvenleg transportsystem som dekker samfunnets behov for transport og fremjar regional utvikling.

For at transportsektoren skal bli meir berekraftig må transportbehovet reduserast og miljøvenlege transportformar styrkast. Transportomfanget kan påverkast gjennom endring av vegkapasitet, samordna areal og transportplanlegging, lokalisering av bustader og arbeidsplassar. Det gjeld å finne eit balansepunkt der økt vegkapasitet og framkome på veg ikkje går utover viktige miljømål og at bilen får eit unødig konkurransefortrinn framfor meir berekraftige transportformar.

Utanfor bystrok er hovudutfordringane for både riks- og fylkesvegnettet primært knytt til å heve eksisterande vegstandard. Dårleg vegstandard fører til høge transportkostnader for næringslivet og auka risiko for trafikkulukker.

I vegplanlegginga må ein og ha fokus på beredskap, både i form av å sikre alternativ ved stengte vegar og førebyggjande tiltak mot ulykker. Nullvisjonen skal ligge til grunn for all samferdselsplanlegging, og gjennom arealplanlegging kan kommunane bidra til å nå denne målsettinga.

Transportmiddelfordelinga kan påverkast gjennom restriktive tiltak på biltrafikk og insentiv for å bruke kollektivtransport. Gode løysingar for kollektivtrafikken og eit godt utbygd gang- og sykkelnett kan redusere biltrafikken og auke trafikktryggleiken. Gjennom arealplanlegging må kommunane legge til rette for god framkome for buss og bane, og at haldeplassar og terminalar for kollektivtransporten er tilrettelagt for alle brukargrupper.

Andre relevante tema: Samordna areal og transport, klima og energi, næringsutvikling, risiko og sårbarheit (ROS), senter- og tettstadutvikling, universell utforming.

Regionale planar: Regional transportplan

Regional plan for attraktive senter - senterstruktur, tenester og handel