Landskap, friluftsliv, strandsone, naturmangfald

Landskap

All utbygging påverkar landskapet. Landskapsforvalting er derfor eit område som må prioriterast for å sikre verdifulle landbruksareal, naturlandskap og kulturlandskap. Planlegging må sikre at nye byggjetiltak og infrastruktur innordnar seg dei fysiske omgjevnadene.

For å kunne tilpasse utbygging til det eksisterande landskapet og sikre verdifulle landskap er det naudsynt med metodar som kartlegg og analyserar ulike typar landskap og korleis landskapa er brukt. Hordaland fylkeskommune har fleire verktøy som kan brukast i planlegginga av landskap.

Fylkesmannen og fylkeskommunen har utarbeidd rettleiaren «Råd om landskap i kommunal planlegging». Fylkeskommunen har også fått kartlagt og verdivurdert landskapet i Hordaland som grunnlag for regional og kommunal planlegging.

Kartløysinga til Hordaland fylkeskommune, kart.ivest, viser landskap. Under tema landskap og friluftsliv kan ein finna kart over landskapstypar, regionale friluftsområde og inngrepsfrie område. På www.geonorge.no kan ein laste ned datasett om landskapsområde, landskapsinngrep og verneverdige kulturlandskap.

Råd om landskap i kommunal planlegging i Hordaland

Verdivurdering av landskap i Hordaland (29 MB)

Landskapsverdi Hordaland, kart

Landskapsanalyse (Miljødirektoratet)

Friluftsliv

Det er eit mål at alle skal ha høve til å drive med friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles. Å sikre allemannsretten og tilgjenge til friluftsområde, både dei små grøne lungene i nærmiljøet og dei større samanhengande friluftsområda vil vere viktig. Tilrettelegging for turvegar og grøntdrag samt ivaretaking av strandsone, fjell- og markaområde, fastsetting av markagrense og byggjegrense er og sentralt.

Dei kartlagde regionalt viktige friluftsområda i Hordaland gjev eit godt grunnlag for kommunen si planlegging og bør følgjast opp med kartlegging av lokalt viktige friluftsområde i kommuneplanen. Dette er eit godt grunnlag for å  ta vare på viktige friluftsområde gjennom planlegging og eventuelt erverv.

Om areala skal setjast av som grønstruktur, LNF-område, areal for bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone eller omsynssone må vurderast. Eige temakart i samband med kommuneplanrevisjon kan vere aktuelt.

Andre relevante tema: Folkehelse, Landskap

Sjå også Hordaland fylkeskommune si nettside om idrett og friluftsliv

Regionale område for friluftsliv i Hordaland - prosjektrapport 

Strandsone

Strandsona er eit prioritert tema i plan- og bygningslova som seier at det skal takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser i 100-metersbeltet langs sjøen.

Det er eit regionalt areal- og miljømål at Hordaland skal verna om biologisk mangfald og verdifulle areal- og naturressursar på land og i sjø, som strandsona, friluftsområde med regional verdi, større inngrepsfrie område og kulturmiljø. Strandsona skal haldast open tilgjengeleg for ålmenta slik at ikkje verdifulle område vert nedbygde. Allmenne friluftsinteresser skal prioriterast før utviklinga av private fritidseigedomar i strandsona.

Dei statlege planretningslinjene for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen legg opp til geografisk differensiering der vernet vert gjort strengare i sentrale område med stort press på areal.

Framtidig arealbruk i strandsona skal avklarast heilskapleg og langsiktig i kommuneplanen. Her må ein vurdera behovet for utvikling av eksisterande arealbruk og behovet for tilpassing av eventuell ny utbygging. Kommunane må vurdera om tidlegare vedtekne, ikkje utbygde område for utbygging i strandsona skal oppretthaldast eller takast ut av planen. 

Utbygging i strandsona bør skje i tilknyting til område som er utbygd frå før og mest mogleg konsentrert. Det må leggjast vekt på ferdselsomsyn og landskapstilpassing i planlegginga.

Funksjonell strandsone

Definering av funksjonell strandsone er ein hovudstrategi i den regionale strandsonepolitikken. Lokal kartlegging av økologiske, topografiske og bruksmessige tilhøve må gjennomførast som grunnlag. I arealplanlegginga vil den funksjonelle strandsona vere eigna for å fastsetja byggjegrenser mot sjø i område der utbygging skal tillatast.  Funksjonell strandsone vil også vere eit godt grunnlag for bruk av arealføremål og eventuell bruk av omsynssone som vil vere retningsgjevande for forvaltninga av areala.

Småbåthamner og småbåtanlegg er mindre arealkrevjande og betre alternativ enn at alle båteigarar skal ha eige naust. Ved planlegging for naust må ein leggje til  grunn at naust er uthus for oppbevaring av båt, utstyr for båt og fiskereiskap.

Andre relevante tema: Landskap, Friluftsliv, Kulturminne og kulturmiljø, Arkitektur/estetikk/ byggutforming

Statlege planretningslinjer for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen

 

Naturmangfald

Fylkesplanen for Hordaland seier at Hordaland skal verna om biologisk mangfald og verdifulle areal- og naturressursar på land og i sjø, som strandsona, friluftsområde med regional verdi, større inngrepsfrie område og kulturmiljø. Særmerkte artar skal sikrast mot utryddding.

Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven 2009) er naturmangfald definert som biologisk mangfald, landskapsmessig mangfald og geologisk mangfald. Loven skal verke saman med andre lover som regulerer bruk av norsk natur. Etter lovens § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndigheit, og vurdering og vektlegging skal framgå av beslutninga. 

Prinsippa i loven supplerer krav og omsyn som følgjer av dei lovene som regulerer den aktuelle aktiviteten. Eksempel er plan- og bygningsloven, forurensingsloven, havressursloven, mineralloven, petroleumsloven og havenergiloven, skogbruksloven, jordloven, kulturminneloven, lakse- og innlandsfiskeloven, viltloven, markaloven og friluftsloven. Saman med naturmangfaldsloven legg lovene rammer for aktivitetar og tiltak som påverkar naturmangfaldet.

Naturmangfaldloven § 10 må i plansaker sjåast i samanheng med krava etter plan- og bygningsloven § 4-2 (Planbeskrivelse og konsekvensutredning). Det er særleg viktig at det vert klårgjort om planen er i samsvar med gjeldande overordna planar eller inneber endringar.

Naturmangfaldloven skal oppfyllast på alle plannivå, det vil seie regional plan, kommuneplan og reguleringsplan, men tilpassast plannivået. For kommuneplanens arealdel vil dei vurderingar som skal gjerast etter naturmangfaldlova kapittel II, inngå som ein del av konsekvensutgreiingane (KU) som skal gjennomførast etter plan- og bygningsloven. § 4-2. Det same vil gjelde dei reguleringsplanar som er KU-pliktige.

Lov om naturmangfald tar utgangspunkt i at all natur skal forvaltast kunnskapsbasert. Kunnskapen som skal brukast, er kunnskap om landskap, økosystem, naturtypar og artar.

Andre relevante tema: Landskap, strandsona, vassforvalting, vilt og innlandsfisk

Lov om naturmangfald

Rettleiar T-1514 Naturmangfoldloven kapittel II, Alminnelige bestemmelser om bærekraftig bruk - en praktisk innføring