Klima og energi, ROS

Hordaland skal ha eit berekraftig utbyggingsmønster som reduserer transportbehovet, stimulerer til kortare og meir miljøvenlege reiser, og unngår nedbygging av verdifulle areal.

Samfunnstryggleik må vere eit integrert tema i dei kommunale planane sine ulike delar og prosessar. Visjon: Hordaland på veg mot lågutsleppssamfunnet

Klima og energi

Klima- og energiutfordringane må løysast ved ein solid, målretta og langsiktig innsats på alle samfunnsnivå (internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt). Kommuneplanlegging er eit sentralt verkemiddel for å få til reduksjon av klimagassutslepp, redusert bruk av energi, omlegging til meir ny, fornybar energi og relevante tilpassingar til eit klima i endring.

Klimaplan for Hordaland

Klimaplan for Hordaland 2014-2030 er retningsgjevande for kommunane i Hordaland. Visjonen er «Hordaland på veg mot lågutsleppssamfunnet». Planen omhandlar desse tema:

  • Klimautfordringane
  • Energiproduksjon
  • Bygningar
  • Arealbruk og transport
  • Næring og teknologi
  • Tilpassing til klimaendringar 

Klimatilpassing, areal og transport er særleg relevante tema for kommunane i deira planlegging, og planen inneheld retningsliner for desse tema.  Til planen høyrer handlingsprogram som blir rullert kvart år.  Små vasskraftverk er regulert i fylkesdelplan for små vasskraftverk i Hordaland 2009-2021.

Andre relevante tema: Samordna areal og transport, Senter og tettstadutvikling, Folkehelse, Næringsutvikling

Regional plan for klima og energi

Fylkesdelplan for små vasskraftverk

Temaside for natur og klima

Risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS)

Plan- og bygningslova krev risiko- og sårbarheitsanalyse når det vert  utarbeidd planar for utbygging, jf. § 4-3. All planlegging etter lova skal fremje samfunnstryggleik, jf § 3-1. Samfunnstryggleik må vere eit integrert tema i planen sine ulike delar og prosessar.

Fylkesmannen skal sjå til at kommunane følgjer opp dette ansvaret, og er gitt motsegnsmynde for å sikre at omsyn til samfunnstryggleik er ivareteke i kommunale planar.

I Hordaland er det utfordringar særleg knytt til skipstrafikk, petroleumsindustrien og ras, då særleg rasutsette vegar. 

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har utarbeidd rettleiar for samfunnssikkerheit i planlegging.

I samband med prosjektet ”Samfunnssikkerhet i GIS – Vestlandet” – eit samarbeid mellom fylkesmennene i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Statens kartverk er det og utarbeidd ein rettleiar. Rettleiaren inneheld eksempel frå tre pilotkommunar: Stavanger, Os og Stryn.

FylkesROS Hordaland 2009 tek føre seg dei fleste risikotilhøve samfunnet må planlegge for å kunne ta hand om. FylkesROS omhandlar følgjande tema:

  • Klimaendringar og naturulykker
  • Epidemiar og helseberedskap
  • Fiskesjukdomar og oppdrett, dyresjukdomar og landbruk
  • Svikt i kritisk infrastruktur
  • Storulykker og masseskadar
  • Atomulykker og radioaktiv stråling
  • Akutt forureining

Kommunane Kvam, Fusa, Ullensvang, Ulvik, Granvin, Jondal, Tysnes, Masfjorden og Modalen er med i eit interkommunalt skredsamarbeid og det er utarbeidd ei handbok i samband med dette.

Andre relevante tema: Klima og energi

Regional plan for klima og energi 

Skrednett 

Skredhandbok

Interkommunalt skredsamarbeid